Litt informasjon frå møtet i Bø formannskap den 2 juni 2013

Måndag 2. juni hadde Bø formannskap møte frå kl 8.30 til 15.15 med eit variert og krevjande møteprogram. Først personalutval (formannskap + 4 tillitsvalde), deretter formannskap med mange store saker, og innimellom alt dette informasjon om arbeid med samordning av dei store kraftverkressursane våre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


I personalutvalet handsama vi 5 saker og i Formannskapet 19 saker. Litt omtale av eit par av hovudsakene kan vere på sin plass. Alle vedtaka var samrøystes.

Tertialrapport jan — april 2913 med justeringar av budsjettet blei handsama i begge utvala. For å ta det hyggelege først. Det er gledeleg at sjukefråveret er på veg ned. Fleire av einingane melder at dei har kontroll på budsjettet, medan andre er eit godt stykke unna budsjettbalanse. Totalt er det varsla eit overforbruk på 3.5 mill. kr for 2013. Bø formannskap er knalltydelege på at målet i år er å kome i balanse. Både i Personalutvalet og i Formannskapet blei det gjort vedtak der ein krev tiltaksplan frå einingane for å kome i balanse. Denne planen skal vera klar til ekstraordinært møte i formannskapet 17. juni.

Kostnads- og strukturgjennomgang Bø kommune (Deloitte-rapporten).
Her har vi fått eit svært nyttig dokument som grunnlag for gjennomgangen av drifta i Bø kommune for å få samsvar mellom inntekter og utgifter. Særdeles interessant var det også at rådmannen alt nå varslar endringar i leiinga for å få full trykk på prosessen. Ved rokkeringar av mannskap får vi ein kommunalsjef med ansvar for helse og velferd, ein kommunalsjef for oppvekst og ein for teknisk.

Orientering: Utredning av tettare samarbeid eller fusjon mellom MTE og MTK v/Sverre Løken EC-Group. Bø kommune er saman med Sauherad og Nome i ferd med å bli ein stor kraftkommune. Til saman har vi nettoverdiar på ca 500 mill. kr. Det er arbeid på gang for finne optimal struktur og styringssystem for selskapa samla sett. Så langt er ulike forslag til vurdering i kraftverkstyra.

Bergit Myrjord

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**