Kollektivkampanje på miljødagen

“Takk for at du reiser kollektivt” seier morgonfriske medlemer i Time Venstre på verdas miljødag, onsdag 5. juni. Saman med Iselin Nybø deler vi ut bolle og flygeblad på Bryne stasjon.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Onsdag 5. juni er verdas miljødag. I samband med dette vil me i Time Venstre gjennomføra ein aksjon på Bryne stasjon i morgontimane. Me vil takka alle som tek tog og bussar med eit blidt god morgon og ein “Takk for at du reiser kollektivt”-bolle. Det same vil andre Venstrelag langs Jærbanen gjera på same tid.

Morgonfriske medlemar frå Time Venstre, saman med førstekandidat Iselin Nybø, deler ut bollar og flygeblad med “Takk for at du reiser kollektivt”. I tillegg minnar vi på at Venstre arbeider for dobbelspor på Jærbanen til Egersund og vil gje skattefridrag for månadskort betalt av arbeidsgjevar.

Jærbanen er svært viktig for vår region, og det er bra og viktig at så mange som mogleg reiser kollektivt til jobb. På verdas miljødag passar det spesielt godt å minna om dette.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**