– Uakseptabelt å gripe inn i naturreservat

Onsdag bestemte Miljøverndepartementet at Statnett får dispensasjon til å bygge kraftlinje gjennom Sørdalen naturreservat i Bremanger. – Heilt uakseptabelt, seier stortingskandidat Sveinung Rotevatn

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Sveinung Rotevatn på LPN 2013

Trasévalget for 420 kV-kraftlinjen gjennom Bremanger i Sogn og Fjordane har vore omstridt lenge. I 2011 greip Olje- og energidepartmentet (OED), under leiing av statsråd Ola Borten Moe, inn i planarbeidet og flytta traseen til Sørdalen naturreservat. Eit naturreservat er den strengaste formen for landskapsvern i Noreg, og vedtaket blei møtt med insigelsar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Fylkesmannen avslo 19. februar Statnetts dispensasjonssøknad, men onsdag bestemte Miljøverndepartementet at søknaden likevel innvilgast.

Svært skuffande
– Det er svært skuffande at den rødgrønne regjeringa, med SVs Bård Vegar Solhjell i spissen, no har bestemt seg for å gripe inn i eit viktig naturreservat. Det er viktig å få på plass den nye kraftlinja, men det må det vere mogleg å gjere utan å pløye over så til dei grader sårbar natur, seier førstekandidat for Sogn og Fjordane Venstre, Sveinung Rotevatn.

 Regjeringen vil bygge kraftlinje gjennom Sørdalen naturreservat i Bremanger.

Regjeringen vil bygge kraftlinje gjennom Sørdalen naturreservat i Bremanger.
Foto: Rogaland Venstre

Den opprinnelige traseen gjekk utanom naturreservatet, men ifølge TV2 greip Ola Borten Moe inn og flytta traseen til naturreservatet — for å unngå at linja gjekk over eigedommane til fire senterpartipolitkarar.

Sårbar natur
Direktoratet for naturforvaltning har gått sterkt imot dispensasjonssøknaden. Det samme har Naturvernforbundet og Natur og Ungdom. Begrunnelsen har vore at urskogen i naturreservatet tilhøyrer ein naturtype som vi har svært lite igjen av, og at dispensasjon for så store inngrep kan virke negativt inn på allmennhetens respekt for verneområder.

– Når grunneigarane i området omtrent ikkje kan knekke ein kvist, blir det unektelig litt underleg at staten berre skal kunne ture i veg og grave ein enorm kraftgate rett gjennom eit så sårbart naturreservat. Dessverre føyer denne avgjerda seg inn i eit bilde av en regjering som konsekvent ignorerer miljøfaglege råd, sier Rotevatn, som meiner regjeringa bør snu og be Statnett finne ein alternativ trasé.

– Venstre er opptatt av å sikre strømforsyninga og bygge ut meir fornybar energi. Men det må vere mogleg å ha to tankar i hovudet på ein gong. Det er uforståeleg at regjeringa og Statnett ikkje kan velge trasear som går utanom sårbare områder som vi har verna etter naturmangfaldslova. Dei er faktisk verna av ein grunn, seier Venstre sin førstekandidat i Sogn og Fjordane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**