Ordføraren oppsummerer siste kommunestyremøte

Ordførar Olav Kasland gjer følgjande utdrag frå kommunestyret 27. mai 2013:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


I kommunestyret sist måndag var det ni saker til behandling. Alle vedtak blei fatta samrøystes, med to unntak: 1) Serveringsløyve av øl og vin til Bø camping. Her var det fire som stemte imot. (Det var også tri personar som var inhabile fordi dei innehar serveringsløyve sjølve.)
2) Tri Høgre-stemmer mot å skrive under avtale mellom Sjukehuset Telemark og Bø kommune. Dette var vel i hovudsak ei politisk markering mot å bli tvinga til å skrive under noko “med påhalden penn”. Eg trur nok dei fleste i kommunestyresalen hadde sympati med Høgre si markering.

Det var to saker som tok litt lengre tid, og det var kraftutbygging i Bø elva og detaljplan for gang- og sykkelveg til Folkestad.

Heile kommunestyret var einige om å gjere ei konsekvensutgreiing av ei eventuell utbygging i Bø elva. Konsekvensutgreiinga skal gjelde området frå dagens inntak til kraftverket i Oterholtfossen, ned til Piperudsletta som ligg nedanfor Sandvoll. Kommunestyrerepresentantane forstod derimot forslaget til vedtak litt forskjellig. Det herska ein viss usikkerheit om kommunestyret ville få saka til behandling igjen, viss konsekvensane viste seg å vere små. Ordførar heva møtet og bad gruppeleiarane for dei forskjellig parti sette seg saman for å finne eit felles standspunkt. Det tok kort tid, og dei kom tilbake med eit forslag der det blei presisert at saka skal tilbake til kommunestyret etter konsekvensutgreiinga, for der å fatte endeleg vedtak.

Når det gjaldt endeleg behandling av detaljplan for gang- og sykkelveg til Folkestad, var det sjølvsagt ingen som var mot dette. Frustrasjonen gjekk på kor mange sider og detaljer me måtte ha for å fatte eit slikt vedtak. Nokon hadde talt det til å være 77 sider, som blant anna inkluderte i detalj korleis ein skulle dimensjonere borehol og liknande. Det er viktig her å understreke at det ikkje var kommunen som hadde gjort denne saksframstillinga, men Statens vegvesen.

Møtet var ferdig ved 21-tida, men som vanlig blei fleire ståande etterpå og snakke om forskjellige ting som skjer i bygdebyen vår.

Kommunehuset 29. mai 2013

Olav Kasland
Ordførar (V)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**