– Løddesøl bør fortsatt vere ein del av Arendal

– Eg er ein ærleg mann, nå skiftar eg meining. Det lærte eg av Hallvard Eika, ein av dei politiske læremeistrane mine.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Eika hadde nok lånt setninga frå Aasmund Olavsson Vinje, også han ein klok mann, sa Venstres Jan Kløvstad i bystyredebatten om Løddesøl og kommunegrenser.

Jan Kløvstad

Foto: Venstre

Venstre var først aleine i fleirtalsgrupperinga i forrige periode om å gå inn for folkeavstemming om Løddesøl skal vere ein del av Arendal. Men mykje har skjedd sidan 2010:

– Stortinget, med unnatak for Framstegspartiet, såg heilt bort frå overveldande fleirtal i folkeavstemmingar i Lillesand, Birkenes og Iveland og kommunestyrevedtak i Evje og Hornnes om å flytte fylkesgrensa.
– Alle parti på Stortinget, bortsett frå Senterpartiet og kanskje Sosialistisk Venstreparti, går inn for å slå saman kommunar til langt større kommunar enn Froland med sine rundt 5000 innbyggarar. Hadde vi snakka om at Løddesøl ville til Grimstad, hadde det kanskje vore tvil om kva Stortinget vil bestemme om Løddesøls framtid.
– Arendal er, som Venstre sa i eit tidlegare innlegg om økonomien i Arendal i dag, ein skattesvak og ein næringsvak kommune, der vi er langt meir avhengig av dei statlege overføringane på grunnlag av innbyggartal enn dei fleste kommunane i Norge. Om vi mistar innbyggarar vil vi få stadig større vanskar med å gi gode tilbod innan kultur, oppvekst og omsorg, fordi vi mistar store inntekter – kanskje 35 millionar kroner i året.

Utfrå dette vil Venstre støtte første punktet i fleirtalsposisjonens forslag med grunngjeving for kvifor Arendal bystyre ikkje vil at kommunegrensa skal endrast så Løddesøl blir ein del av Froland.

«Arendal bystyre anbefaler ikke at det gjennomføres grensejustering mellom Arendal og Froland kommune ved at Løddesøl krets overføres til Froland. Bystyret mener en slik overføring vil undergrave Stortingets beslutning fra 1991 om å slå sammen kommunene Moland, Tromøy, Arendal, Hisøy og Øyestad til dagens Arendal kommune, og redusere Arendal kommunes evne til å skape utvikling og vekst i så vel Arendal/Grimstad regionen som fylket for øvrig. Overføring vil medføre tap av innbyggere, areal og økonomi uten at dette blir kompensert på noen måte, og Frolands gevinst ved overføringen vil ikke oppveie Arendals tap med tanke på samfunns- og næringsutvikling i tillegg til at Arendal vil ha vanskelig for å opprettholde tjenestetilbudet til de gjenværende innbyggerne.»

Men vi vil ikkje ha folkeavstemming i denne saka, verken på Løddesøl eller i resten av kommunen. Dette må vi i bystyret ta ansvaret for sjølve, sa Jan Kløvstad på vegner av Venstre.

Posisjonens forslag som gjengitt over blei vedtatt med stemmene frå Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti, Venstre, SV og pensjonistpartiet, 28 mot 10 stemmer. Arbeidarpartiets 9 og Senterpartiet semte for ikkje å ha standpunkt i bystyret.

Med 24 mot 15 stemmer blei det vedtatt å halde folkeavstemming i Løddesøl. Venstre, Areidarpartiet og Pensjonistpartiet stemte mot.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**