– Venstre hadde forberedt seg for å takke for støtte til ei genial løysing på eit sterkt behov for dei mange barn, unge og vaksne som driv med musikk. Men når eg høyrer tonefallet i rosen av musikklivet i innlegga frå Pensjonistpartiets Odd Longum og Høgres Ole Tom Tjuslia, venta eg berre på å få høyre eit MEN og at konklusjonen ville bli ein annan enn dei innleiande rosande formuleringane.
Venstre kjempa fram pengar til Musikkens Hule i forrige periode. Vi var aktivt med i gruppa som arbeidde med planar for lokaler i Stinta skole, men bygningsforholda der gjorde at vi måtte avslutte arbeidet. Så blei det heile liggande stille, til stor frustrasjon i musikklivet.
Vi har fått nye skatehall, vi har investert godt og grundig i Myra Idrettspark til stor glede og stor nytte for både barn og unge. Nå er det musikklivets tur.
Venstre vil ta opp igjen forslaget frå rådmannen og gå inn for «å planlegge for invetsering i øvings- og produksjonslokaler for kulturskolen og det frivillige musikkliv i Kunnskapshavna 3 med verdien av Arendal kommunes tomteareal i området som øvre tak.»
Men i avstemminga blei Venstre ståande heilt aleine med støtte til musikklivets sterke ønske og rådmannens forslag. Fleirtalet stemte for å ta opp saka igjen i løpet av året, foreslått av Høgres Ole Tom Tjuslia.