Uttale til høringsutkast planprogram for samfunnsdelen til kommuneplanen 2012-2024

Bø venstre har i medlemsmøte 22.05.13 diskutert utkast til planprogram for samfunnsdelen i kommuneplanen og vil koma med følgjande uttale:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Det er viktig at samfunnsplanen ligg innafor realistiske økonomiske rammer. Bø venstre ønskjer derfor ei formulering om dette lagt inn under avsnittet om "Føringar for planarbeidet"

Bø venstre er einig i dei tre hovudmålsettingane som utkastet bygger på, og vi vil peike særskilt på nokre tema innafor desse tre hovudmålsettingane som det må leggast stor vekt på i planen.

Næringsutvikling/næringsetablering. Det bør i planarbeidet leggast stor vekt på tilrettelegging for eit variert og framtidsretta næringsliv. Dette meiner vi er viktig både utviklinga av Bø som regionsenter, og for vidare oppbygging og utvikling av ulike kompetansemiljø i bygda.

Sentrumsutvikling: Bø sentrum bør fortsatt utviklast med mål om eit kompakt og levande sentrum, med stor vekt på å vidareutvikle Bø som handels- og regionsenter. Først når areala i sentrum er fullt utvikla, bør det ved rullering av kommuneplanen opnast for utviding av sentrumsgrensene. Det bør da forsatt leggast stor vekt på kvartalsstruktur og eit sentrum med god fordeling av leiligheter/næringsbygg.

Bø venstre ønskjer at Bø skal vidareutvikle seg som ei viktig kompetansebygd, der det er fokus både på real- og formalkompetanse. Høgskulen er sentral for bygda og kommunen må legge til rette for ei god utvikling av skulen.

Frivillighet: Eit sermerke ved Bø-samfunnet er eit stor grad av frivillighet og dugnad. Dette bør framleis vera viktige element for å få ei god utvikling av lokalsamfunnet vårt. Samfunnsdelen bør diskutere korleis ein kan legge til rette for fortsatt stor frivillighet .

Bø venstre ønskjer også at ein i samfunnsdelen av kommuneplanen tek opp problemstillinga med kommunesamanslåing. Vi meiner det er høgst aktuelt å vurdere dette spørsmålet i ei tid med mange utfordringar og endringar. Dei kommunegrensene vi har i dag er laga for ei heilt anna tid og er mogne for revisjon.

Vi stiller spørsmål ved om det er naturleg at samhandlingsreforma får nokon spesiell plass i samfunnsdelen av planen. Denne reforma skal innarbeidast i det vanlege helsearbeidet i kommunen.

Bø, den 28. mai 2013

Bergit Myrjord, fung.leder

Geir Sønstebø, sekretær

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**