Inviterer til ny dusjrunde

Ap og Venstre vil ha den nye sosialbyråden med seg attende til start i saka om tiggardusjane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Horn4

Foto: Mathias Fischer

Ei av dei første oppgåvene Dag Inge Ulstein (KrF) får som ny sosial- og helsebyråd, blir å løyse saka som fekk forgjengaren, Lisbeth Iversen (KrF), til å kaste korta: Spørsmålet om kvar tiggarar og andre heimlause skal få tilgang til sanitæranlegg i Bergen.

Nå inviterer opposisjonen Ulstein til å nullstille debatten og byrje med blanke ark.

– Om ikkje dette gir grunnlag for ein pust i bakken, så veit ikkje eg. Vi vil invitere Ulstein til å setje seg ned med sosialtenestene og frivillige organisasjonar, som Robin Hood-huset og Kirkens Bymisjon. Så kan dei prøve å finne ei god løysing i fellesskap, seier Erlend Horn, gruppeleiar for Venstre i bystyret.

Dersom den nye byråden er villig til dette, vil Venstre og Ap gje han arbeidsro — ei stund. Vilkåret er at han droppar ideen om å bruke Strax-huset.

Etterlyser betre samarbeid
– Kva slags alternativ vil de sjølve foreslå?

– Vi kunne sikkert kome med ein eller annan ide. Men det er betre å setje seg ned med dei som arbeider med denne gruppa til dagleg, og slik finne ei løysing, seier Horn.

Det har ikkje lykkast BT å få eit svar frå Ulstein.

Les saken på side 8 og 9 i Bergens Tidende onsdag 29. mai eller på nett her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**