Årsmelding og rekneskap 2012

Bergit Myrjord sitt innlegg til saka om årsmelding og rekneskap for 2012, og ei lita oppsummering av viktige hendingar i 2012. Innlegget vart halde på kommunestyremøtet 27. mai 2013.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Det er krevjande å vera både tilsett og politikar i Bø kommune. Som det går fram av årsmeldingane og rekneskapet, – som viser eit stort akkumulert underskot – står vi midt oppe i store utfordringar. Det vil krevje store omstillingar og tøffe prioriteringar framover.

I årsmeldingane frå einingane les vi om stramme rammer og høgt arbeidspress. Desto meir gledeleg er det da at vi ser ein god tendens til at sjukefråveret er på veg nedover. Vi har ført ein stram tilsettingspolitikk for 2012, og som ein ser er talet på årsverk bare auka med 2 til tross for auka oppgåver på mange felt. 2012 var fyrste år med Samhandlingsreforma. Dei nye oppgåvene har blitt takla veldig bra i Bø kommune, men vi ser at og at denne reforma er sterkt underfinansiert frå staten si side.

I 2012 hadde vi to svært viktige milepelar i Bø kommune. Vi starta opp utbygginga av sjukeheim og omsorgsbustader til ein total kostnad på heile 240 mill. Det vil gje oss eit stort løft når det gjeld å kunne gje ei god omsorg på rett nivå framover.
Kjøpet av Vrangfoss og danninga av Norsjø kraft er og ein stor milepel. Saman med dei to andre Midt-Telemark kommunane er vi i ferd å legge grunnlaget for ei god utnytting av viktige naturressursar i Midt-Telemark.

Samla sett viser årsmeldingane at vi har greidd å levere gode tenester til innbyggarane i Bø i 2012. Det er på sin plass å berømme dei mange tilsette som gjer ein god jobb.
Det som er den store, tunge oppgåva nå, er å dekke inn det store akkumulerte underskotet og bygge opp ein sunn økonomi i Bø kommune. Etter loven har vi 2 år på å dekke inn underskotet, men det er signal om at vi kan bruke 3 år. Vi må kort og godt få samsvar mellom kommunens inntekter og utgifter. Da er det ingen veg utenom: driftsnivået må ned.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**