Venstre, Høgre og FrP om skulebruksplanen

Høgre, Venstre og Framstegspartiet har kome fram til følgjande semje:
Partia ønskjer å halde fram med den vidaregåande skule-strukturen vi har i dag, med unntak av nedlegging av Luster Vidaregåande skule og avdeling Jølster i Mo og Jølster vidaregåande skula.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

LPN Venstre

Stryn og Høyanger blir vidareført, men med eit smalare tilbod enn i dag. Hordalandsavtalen er dei tre partia einige om å oppretthalde. Innsparingsmålet på 70 millionar står fast, og blir gjort ved reduksjon av grupper, omstillingstiltak og generelle kutt i kostnader. Vår løysing avgrensar investeringsbehovet sterkt, samanlikna med fylkesrådmannen si tilråding.

Dei tre partia er opptekne av at fritt skuleval har førsteprioritet. Den vidare utviklinga av det vidaregåande studietilbodet skal skje ved at elevsøknad vert lagt til grunn, og ved at skulane i større grad får fridom til å utvikle sine tilbod.

Det er teke utgangspunkt i dei modellane som er lagt til grunn frå regionane. Partia synes regionane har gjort ein viktig jobb det står respekt av.

Dette vil partia ta med seg inn i Hovudutval for opplæring i møtet i morgon, og det blir presentert konkrete framlegg til fordeling av linjer på dei ulike skulane. Partia er einige om å vidareføre idrett i Sogndal, Flora og på Firda.

Høgre v/gruppeleiar Noralv Distad
Venstre v/Alfred Bjørlo, medlem i Hovudutval for opplæring
Framstegspartiet v/Frank Willy Djuvik

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**