Legg ned Stryn vgs

Peder Lofnes Hauge er uroa for framtida til dei fire nordfjordskulane om inndekninga for å bevare Stryn vgs må hentast frå Måløy, Eid, og Firda. – Det mest fornuftige no vil vere å legge ned Stryn vgs, seier han til Firda Tidend.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Dette skriv avisa, måndag 27.05.2013:
(Aadne Gloppestad, Firda Tidend).

— Skulen i Stryn bør leggjast ned, slik at vi ikkje øydelegg dei tre andre vidaregåande skulane i Nordfjord, seier Peder Lofnes Hauge i Gloppen Venstre.

Peder Lofnes Hauge, landsmøte

Foto: Jo Straube

Gloppen Venstre og Peder Lofnes Hauge meiner det er betre at Stryn vidaregåande skule blir lagt ned enn at ein svekkar dei andre Nordfjord-skulane vesentleg for å oppretthalde skulen inst i fjorden.
Lofnes Hauge har registrert at sogningar og sunnfjordingar har gått hardt ut og kravd at Nordfjord må ta sin del av kutta når den framtidige kabalen for dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane no skal leggjast. Sjølv om han meiner det er Nordfjord som har teke den verste støyten i framlegget til fylkesrådmannen, ser han berre éi mogleg løysing slik stemninga mellom fylkespolitikarane synest å vere.
— Når Arbeidarpartiet med fylkesleiar og tidlegare Stryn-ordførar Nils P. Støyva i spissen så tidleg går ut og fredar Stryn, og når sunnfjordingane og sogningane no tilsynelatande har samla seg og krev at inndekninga for å oppretthalde Stryn må takast i Nordfjord, er vi sette sjakk matt i regionen vår. Skal Nordfjord ta den delen av kutta som er skissert, vil det vere ein katastrofe å oppretthalde Stryn vgs. ved å skjere ytterlegare ned på dei andre Nordfjord-skulane. Det vil øydeleggje desse skulane, seier Peder Lofnes Hauge og understrekar at Gloppen Venstre i utgangspunktet ønskte å behalde fire vidaregåande skular i regionen:

— Men slik situasjonen er blitt, har vi to val: Følgje den delen av fylkesrådmannen si tilråding som inneber at Stryn vgs. blir nedlagt, eller å skjere dei tre andre nordfjordskulane til beinet for å oppretthalde skulen i Stryn. Det første alternativet er openbart det mest fornuftige, seier han.

Nettsak: www.firdatidend.no
Heile artikkelen (bilete): www.facebook.com / Peder Lofnes Hauge

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**