Firda Tidend, 27.05.2013:
(Jan. Nik. Hansen).
Eg kan vanskeleg sjå at Gloppen ville gått så tungt inn i utbygginga av Trivselshagen dersom ein hadde visst dette. Kommunen har grunn til å kjenne seg lurt, sa Ragnar Eimhjellen i formannskapet.
Gloppen har sendt ein uttale til fylkesrådmannen sin tilråding i saka om strukturplanen for den vidaregåande skulen. Uttalen er kortfatta med fokus på Firda vgs.
Uttalen er balansert, grei, og i ein parlamentarisk tone. For meg er det dramatisk og sårt å sjå at det eg har vore med å byggje opp, vert rive ned. Det er ganske alvorleg. Særleg det som gjeld investering og drift, sa den tidlegare rektoren ved Firda vgs.
Slik han hugsa debatten om Trivselshage-utbygginga, kunne han vanskeleg sjå at kommunen ville vore med dersom ein hadde visst at idrettslinja skulle forsvinne.
Derfor kan Gloppen ha grunn til å kjenne seg lurt, sa Eimhjellen (V). Han peika på at Firda har brukt 13 år på å byggje opp medium og kommunikasjon, og at idrettslinja skal feire 35 års jubileum, kanskje med nedlegging.
Det er håplaust, konkluderte Eimhjellen som hevda at idrettslinja på Firda har langt større breidde og kvalitet i tilboda enn miljøet i Sogndal der det handlar om hovudsakleg fotball.
Nettsak: www.firdatidend.no