Valkampsamling på Skei

Sogn og Fjordane Venstre har samla valkampansvarlege og tillitsvalde til valkampførebuing på Skei hotell i helga. I to dagar skal vi skulerast, og søndag ettermiddag vart skulebruksplanen drøfta i tillegg.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Gunhild Berge Stang, Linda Ness Rotihaug, Sveinung Rotevatn og Gunnar Osland

Foto: Sogn og Fjordane Venstre

– Nyttig og lærerik helg, seier Gunnar Osland. Mykje tyder på eit regjeringsskifte til hausten og vi vil gjere vårt for å få ei blågrøn regjering som sikrar eit løft for skule, velferd, miljø og næringsliv.

Askvoll var representert med Gunnar Osland som valkampansvarleg, Gunhild Berge Stang som andrekandidat på stortingsvallista og Linda Ness Rotihaug som fylkessekretær. Vi var saman med nær 30 deltakarar Skei hotell i Jølster.

LPN Deltakarar
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**