Nytt omsorgssenter i 2015

Kommunestyret i Eid vedtok i dag romprogram for nytt omsorgssenter i Eid. Byggestart for det nye omsorgssenteret blir i 2015, og bygget vil erstatte den gamle delen av noverande Eid sjukeheim. – Venstre har gått til val på bygging av nytt omsorgssenter, og lovd veljarane i Eid at vi skulle få denne saka ut av dødvatnet den har lege i i altfor mange år, seier Arild Nøstdal, Venstre sin gruppeleiar i kommunestyret.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Det nye omsorgssenteret er dimensjonert for 30-40 bueiningar i første byggesteg, og vil etter framlegg frå Eid Venstre i Driftsutvalet bli bygd ut med full kapasitet allereie frå starten: 40 bueiningar. Omsorgssenteret vil også bli bygd slik at det er lagt til rette for utviding. Omsorgssenteret vil bli bygd i tilknyting til dagens sjukeheim på Myroldhaug i Nordfjordeid sentrum, og ha eit areal på ca 3500 m2 i første byggesteg.

Omsorg, senior, helse

Foto: Microsoft

– For Eid Venstre er dagens vedtak i kommunestyret ein milepæl. Det har vore mange “store ord” om nytt omsorgssenter i tidlegare kommunestyreperiodar, men no sørger vi for ei utbygging som eit breitt flerital kan samle seg om, og som gjer at vi faktisk får gjort noko som er avgjerande for ei god framtidig eldreomsorg i Eid, seier Eid Venstre ved Gunvald Ludvigsen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**