Eid blir klimaspydspiss

Eid blir no ei av Noregs seks første klimaspydspisskommuner, etter initiativ frå Eid Venstre. Vi er stolte over at Eid kommune som klimaspydspiss kan vise fram nasjonalt det unike kompetansemiljøet som er på Eid knytt til fjordvarme, elektro/automasjon og smart energibruk i bygg. Vi trur våre løysingar også kan hjelpe andre til vesentleg reduserte energikostnader og klimakutt, seier Alfred Bjørlo (V), ordførar i Eid.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


– Eid kommune vil ha stor nytte av kompetansen vi får gjennom Zero og kommune-nettverket for å bli endå betre på energi og klima, seier ordførar Alfred Bjørlo. — Det gjeld både i den kommunale drifta, og i planlagt samarbeid med næringslivet i regionen og Eid vidaregåande skule om oppbygginga av eit Energikompetansesenter og mulige pilotbygg for smart energibruk og velferdsteknologi.

Klimakampanje

Foto: Per Lien

Det ligg også ei rekke andre mulige satsingsområde i klimaspydspiss-samarbeidet, mellom anna på nullutslepp i transport, bioenergi og bygg. I klimapilotprosjektet vil ZERO bidra med fagkompetanse på nullutslippsløysingar, og samarbeide med deltakande kommuner om konkrete problemstillingar og prosjekt innanfor kommunen sin klima- og energihandlingsplan.

Les meir om saka her

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**