Etter Radøy Venstre si oppfatning er det viktig å leggje til rette for bustadutvikling i gangavstand til skule, barnehage og butikk, og ei slik satsing på Bø vil derfor vere svært positivt. Dette både fordi ei fortetting bidreg til å skape attraktive og levande lokalsamfunn, som også er betre tilpassa «mjuke» trafikantar til fots og på sykkel. Både av miljø- og folkehelseomsyn vil dette vere bra. Radøy Venstre meiner at kommunen må spele ei aktiv rolle for å leggje til rette for gode bustadprosjekter i samband med planarbeidet for Bø.
På bygdemøtet kom det også innspel om etablering av ein ballbinge. Ballbingar er geniale nærmiljøtiltak som skapar aktivitet over alt der dei vert satt opp. Gjennom tippemidlar og dugnadsinnsats bør det vere mogleg å få dette til med kommunen som aktiv støttespelar. Ein aktiv støttespelar må kommunen også vere for å fremje næringsutvikling på Bø. Radøy Venstre ser fram til ein spennande prosess knytt til utarbeidinga av den nye områdeplanen.