Ope møte om og med gründerar

Venstrelaga i Hallingdal arrangerer ope møte om og med gründerar i dalen 22. mai kl 19.00-21.00 på Torpomoen. Nestleiar i Venstre Terje Breivik er hovudinnleiar, dessuten gjester Buskerud Venstres førstekandidat Rebekka Borsch møtet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Rebekka Borsch og Terje Breivik

Rebekka Borsch og Terje Breivik
Foto: Tove Hofstad

Kva er lett og kva er vanskeleg med å starte eiga verksemd?

Stortingskandidat Rebekka Borsch vil også ha innleiing. Trond Ask Henriksen i Hallingdal Etablerersenter vil fortelje om utfordringane nyetablerarane strir med, og kva som skal til for at ein god ide kan bli ein forretningside og noko på leva av.

Hallingdal Etablerersenter gir uavhengig og gratis rettleiing til personar som vil starte eiga forretningsverksemd; hjelp til utarbeiding av forretningsplanar, finansiering og rettleiing om offentlege lover og reglar.

Det blir innlegg frå fleire av gründerane i dalen. Det er svært ulike forretningsidear vi får høyre om. Det er sett av god tid til samtale og drøfting med tilhøyrarane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**