Terje Breivik til Hallingdal – næringspolitikk og gründerskap

Kva er lett og kva er vanskeleg med å starte eiga verksemd?
Venstrelaga i Hallingdal arrangerer ope møte om og med gründerar i dalen. Møtet er på Torpomoen onsdag 22. mai kl. 19.00. Nestleiar i Venstre Terje Breivik er hovudinnleiar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


I møtet vil og Buskerud Venstre sin stortingskandidat Rebekka Borch delta. Trond Ask Henriksen i Hallingdal Etablerersenter vil fortelje om utfordringane nyetablerarane strir med, og kva som skal til for at ein god ide kan bli ein forretningside og noko å leva av.
Hallingdal Etablerersenter gir uavhengig og gratis rettleiing til personar som vil starte eiga forretningsverksemd; hjelp til utarbeiding av forretningsplanar, finansiering og rettleiing om offentlege lover og reglar.
Det blir innlegg frå fleire lokale gründerar, med svært ulike forretningsidear: Bernt Junger (Skaugum bestikk), Maaike Visser (lydfargemetoden) og Lars Ivar Brattegard (Vats gardsmat). Det er sett av god tid til samtale og drøfting med tilhøyrarane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**