ESEFJORDEN — STRATEGI FOR FRAMTIDIG OPPRUSTING

– Ei oppsummering av haldningar og hansaming frå Balestrand Venstre si side

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Esefjorden

Foto: Marta Kvikne

ESEFJORDEN — STRATEGI FOR FRAMTIDIG OPPRUSTING
– Ei oppsummering av haldningar og hansaming frå Balestrand Venstre si side

"Vi likar ikkje realitetane, men som ansvarlege politikarar lyt vi forhalde oss til dei."
Meiner dette på ein god måte beskriv haldninga i Venstre, og korleis vi har ønska å gå inn i saka. Realitetane vi har måtte forhalde oss til er Statens Vegvesen si overordna utgreiing om Fv. 55. Sjølv om priskalkylane vdr. rassikring av Kjenes-/Hølskredene, utbetring Bakkaviki — Esebotn og brualternativet i strengaste forstand ikkje kan kallast fakta, så gjev det eit nokså klart bilete: Ei bru vert ikkje dyrare enn rassikring av eksisterande veg og kan såleis finansierast ved rassikrinsmidlar. Naturleg nok vil såleis kostnaden for rassikring og utbetring av eksisterande veg langt overstige kostnaden med bru. Ein kort repetisjon av kalkylane: Rassikring Kjenes-/Hølskredene: 444 mill., utbetring Bakkaviki — Esebotn: 94 mill., Brualternativet (Storesva — Gjerde): 400 mill.

I forkant av formannskapsmøtet i mars, der strategivalet skulle opp som sak, hadde Venstre eit medlemsmøte der saka vart grundig drøfta.
Ut frå det som er omtala innleiingsvis samla medlemsmøte seg om følgjande:
1) Ein går i utgangspunktet inn for å velje bruløysing som strategi for framtidig opprusting av Fv. 55 Esefjorden. Grunnlaget for dette synet ligg i kostnadskalkylane sett i samanheng med forventa tidspunkt for ferdigstilling av prosjekt.

2) Ein vil at begge løysingsalternativa (rassikring/utbetring og bru) skal utgreiast i samband med planarbeidet. Grunngjevinga her er som følgjer: Ved å greie ut begge alternativa vil ein få fram nøyaktige kostnadsoverslag/løysingar og såleis skape ei felles forståing/grunnlag både hjå politikarar og innbyggarar for den avgjerda som må komme når ny kommunedelplan for Esefjorden skal vedtakast.
Vidare var det på medlemsmøtet semje om at dersom Venstre ikkje nådde fram med sitt syn, skulle ein i det avgjerande kommunestyremøtet 18. april til slutt gå for fleirtalsynet i saka. Esefjordsaka har gjennom fleire tiår splitta Balestrand kommune, og trass vedtaket frå februar 1996 har ingen ting skjedd med vegen rundt fjorden. Medlemsmøte var av den oppfatning at det no er på tide at kommunen står samla i kampen for eit betre vegsamband Holmen — Dragsvik. Venstre vil vere med å ta ansvar for dette sjølv om det betyr at vi må ofre noko.

Til formannskapsmøtet 21. mars låg det føre ei tilråding som var i samsvar med Venstre sitt syn — sjå punkt 1 og 2 ovanfor. Venstre vart åleine om å støtte rådmannen si tilråding medan fleirtalet fjerna setninga om utgreiing av begge løysingsalternativa. Ein skulle kun sjå på brualternativet i planarbeidet.

Framfor komunestyremøtet 18. april var det tett kontakt mellom Venstre og SV som i denne saka hadde samanfallande syn. SV presenterte eit forslag til fellesframlegg frå dei to partia; eit forslag vi ikkje hadde problem med å vere med på. Forslaget er såleis:

" Balestrand kommune vil at sikring og utbetring av FV 55 Esefjorden blir høgt prioritert. Balestrand kommune skal jobbe aktivt for å få dette tiltaket inn i RTP for Sogn og Fjordane 2014 — 2023 og så høgt oppe på prioriteringslista som råd.
Som utgangspunkt går Balestrand kommune for ei løysing med bru over Esefjorden.
Det blir umiddelbart sett i gang eit arbeid med kommunedelplan for Esefjorden. Eit slikt arbeid vert å forankre i kommunal planstrategi.

Arbeidet skal ta utgangspunkt i gjeldande kommuneplan, arealdelen og Statens vegvesen si overordna utgreiing av Fv. 55. Sognefjellet — Vadheim, desember 2012.
Gjennom planprogrammet skal det avgjerast kva ulike alternativ som skal utgreiast. Sidan dette er eit så viktig spørsmål skal det endelege trasevalet vere forankra i sikre opplysningar når det gjeld konsekvensar av ulike alternativ."

Forslaget vart presentert i kommunestyremøtet; det vart halde gruppemøte med alle partia samla for om mogeleg få til eit felles framlegg til vedtak. Dette mislukkast, og ved røystinga over SV/V sitt framlegg fekk dette berre dei to aktuelle partia sine stemmer.
Til liks med Venstre ynskte også SV at ein til slutt i saka skulle stå att med eit samrøystes vedtak. Dette vart i praksis framlegget frå formannskapet. Vedtaket er naturleg nok ikkje heilt etter Venstre sin smak, men som ansvarlege politikarar er det vår plikt å følgje det opp i den vidare prosessen
Det endelege og samrøystes vedtaket vdr. Esefjorden — strategi for framtidig opprusting er som følgjer:

" Balestrand kommune vel som strategi for framtidig opprusting av Fv. 55 Esefjorden at det vert vald ei løysing med bru over Esefjorden for å rassikre og utbetre vegen.
Eit slikt strategival er gjort med grunnlag i "Fylkesveg 55 Sognefjellet — Vadheim overordna utgreiing, Statens vegvesen, desember 2012" som viser at det er sannsynleg at eit bru er rimelegare enn berre eit tradisjonelt rassikringstiltak med tunnel i Kjenneskreda og Hølskreda, og heilt sikkert er rimelegare enn rassikring og vegutbetring rundt fjorden samla.
Utgreiinga viser også at løysingar for rassikring og vegutbetring truleg vil få store og nye inngrep i strandsone og med dette også i landskapsbiletet i området Esebotn-Bakkaviki.
Balestrand kommune skal jobbe aktivt for å få rassikring og vegutbetring inn i Regional transportplan (RTP) for Sogn og Fjordane 2014-2023. Det skal umiddelbart setjast i gang eit arbeid med ein kommunedelplan for Esefjorden. Eit slikt arbeid vert å forankre i kommunalplanstrategi.
Arbeidet skal ta utgangspunkt i gjeldande kommuneplan, arealdelen og Statens vegvesen si overordna utgreiing av Fv. 55. Sognefjellet — Vadheim, desember 2012."

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**