Venstres stortingskandidat til Hallingdal

Rebekka Borch, venstres stortingskandidat i Buskerud er i Hallingdal 22. og 23. mai.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Hovudtemaet for besøket er småbedriftene og nyetablerarane sine utfordringar.
Borch skal vitje Fausko skysstasjon i Hemsedal og ho vil delta på eit ope møte om og med nyetablerarar saman med m.a. nestleiar i Venstre Terje Breivik og ordførar i Gol Hallvor Lilleslett. Borch vil også delta på Hallingdalskonferansen der temaet er samferdselsutfordringane knytt opp mot næringslivet sine behov.
-Eg er ein samfunnsengasjert person som er særlig opptatt av samferdsel og miljøvern, av frivillig arbeid og av skole og utdanning. For meg er det viktig at Venstre arbeider for fridom for det enkelte menneske, men samtidig tek ansvar for samfunnet som ein heilskap, seier ho. Politikk skal være rettferdig og utan innblanding av særinteresser. Dessutan vil eg jobbe for at vi ivaretek miljøet og naturen for etterkommarane våre og at vi legg best mogeleg til rette for innovasjon og nyskapning, seier ho.
Rebekka Borsch er leiar i Buskerud Venstre. Ho sit i Venstres landsstyre, er vara til sentralstyret og dessutan medlem av Venstres internasjonale utval (IU) samt medlem av Venstres programkomité for stortingsvalet 2013. Rebekka Borch sit i formannskap og kommunestyre i Røyken. Ho er også 1. vara til fylkestinget i Buskerud. Rebekka Borsch kjem opprinneleg frå Tyskland, men har etter kvart blitt norsk statsborgar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**