– Eit alvorleg angrep på nynorsk og kunnskap i skulen

Terje Breivik, som toppar Venstre-lista i Hordaland, går knallhardt ut mot Høgre sitt landsmøtevedtak om sidemålet i avisa «Hordaland» for laurdag 11. mail.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Terje Breivik

Foto: Kåre Pettersen

Høgre sitt landsmøte gjekk som kjent inn for å fjerna eksamen og eigen karakter for sidemål, og endringa vil eventuelt få konsekvensar for elevar både i ungdomsskulen og i vidaregåande skule.

– Eit alvorleg angrep på nynorsk og kunnskap i skulen, seier Terje Breivik til avisa «Hordaland.
– Heller enn å gjera som Høgre føreslår, må me no styrkja norskundervisninga. Begge målføre bør i større grad nyttast i andre fag enn norsk. Nynorskopplæringa må styrkjast i lærarutdanninga, og sidemålsundervisninga bør starta tidlegare i skulen.

Breivik meiner i tillegg at Høgre får problem med å argumentera for sitt nye standpunkt når dei samstundes ynskjer ein skule for kunnskap.

Voss Gymnas

Foto: Knut Olav Røssland Nestås

– Det er dokumentert at det å skriva både nynorsk og bokmål aukar språkkompetansen, slår Venstre-toppen fast.

Les intervjuet med Terje Breivik i avisa «Hordaland for laurdag 11. mai.

Les gjerne òg meir om NTNU si forsking angåande temaet her

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**