Kickoff-samling og lokalpolitisk nettverk

Helga 25. og 26. mai har Sogn og Fjordane Venstre gleda av å invitere til Kickoff-samling og lokalpolitisk nettverk, med tema Sveinung Rotevatn på Stortinget Samlinga vert arrangert i samarbeid med Venstre sentralt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Sveinung Rotevatn

Målgruppe for samlinga er lokallagsleiarar og valkampansvarlege, og det er ønskjeleg at alle kandidatane på Stortingsvallista kanmøte også.

Lokalpolitisk nettverk er ein heilt sentral møteplass i forkant av valkampen, og målsetjinga denne gongen er at ALLE lokallag er representert.

Formålet med dette skuleringsopplegget er å komme i valkampmodus og sikre at alle skal vere trygge på vår eigen politikk, at vi er meir synlige, og å sikre ein bevisst strategi bak det daglege arbeidet i lokallaget og i gjennomføringa av valkampen.

Påmelding: Sendast til fylkessekretær i Sogn og Fjordane Venstre, Linda Ness Rotihaug til [email protected] i god tid innan 17. mai.

Program for kickoff samlinga:

LAURDAG 25. MAI
10:45 Oppmøte og registrering — kaffi og rundstykke
11:00 Velkommen til Lokalpolitisk nettverk
11:10 Folk først! Difor skal eg på Stortinget. Motivasjonstale ved førstekandidaten.
11:30 Kandidatane 2-5 får ordet
12:00 Valkamp
13:00 Lunsj
14:00 1. parallellsesjon
Politikk: Venstres politikk på skole
Aktivisme: Standsskolering.
Frivillig mobilisering

15:30 Kaffepause med kake
15:45 2. parallellsesjon
Politikk: Venstres politikk på miljø
Politikk: Vanskelege politiske spørsmål
Aktivisme: Sosiale medier og liberal.no

17.15 Pause
17:30 Regional samling – Sogn, Sunnfjord og Nordfjord
Innspel til kandidatane — Gode saker/vanskelege saker i vår region
Praktisk samarbeid mellom lokallaga i regionen

18.30 Presentasjon frå regionane
19.00 Møteslutt dag 1
20.00 Middag

SØNDAG 26. MAI
09:00 Praktisk valkamp
Medlemsregister, heimesider
Logistikk: Materiell, brosjyredistribusjon
Valkampsekretariatet
Kven gjer kva — ansvar fylke, lokallag

10:00 3. parallellsesjon
Politikk: Venstres politikk på velferd
Aktivisme: Standsskolering, debattskolering.
Organisasjon: Lokal organisering av valkamp

11.30 Pause og utsjekk
12.00 4. parallellsesjon
Politikk: Venstres politikk på næring
Politikk: Venstres politikk på øvrige politiske områder
Politikk: Samferdsel fylke/lokalt

13.30 Avrunding av lokalpolitisk nettverk
14.00 Lunsj
15.00 Skulebruksplanen v/fylkestinggruppa
17.00 Slutt

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**