Vi støttar fullt ut den uttala som Midt-Telemarkrådet gav til denne saka. Vi kan ikkje sjå at fylkesrådmannen i vesentleg grad har tatt omsyn til dei innspela som har kome frå Midt- og Vest-Telemark i si innstilling til fylkestinget.
Bø Venstre vil sterkt poengtere at det er av vesentleg betydning for Midt-Telemark at vi fortsatt har eit godt undervisningstilbod med stor breidde i studieretningar i regionen.
Vi ser at Bø vidaregåande skule er styrka med nye fag i innstillinga frå fylkesrådmannen. Isolert sett frå Bø sitt synspunkt er dette bra, men sett i sammenheng med at det bl.a. betyr at Lunde vidaregåande skule blir lagt ned, ønskjer vi likevel ikkje eit slikt vedtak velkommen.
For styret i Bø Venstre
Bergit Askildt Myrjord
fung. leiar