Nye mysterier på Bergensbanen

Vi er nøydd til å få oppklara desse mysteria; Skal vi gå og trø i fleire år med ein langdryg planprosess, som ikkje gir byggestart for Ringeriksbanen før 2022-2023, eller skal vi ha ein rask og fornuftig prosess som gir oss byggestart i 2018?»

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Mona_Haugland_Hellesnes

Foto: Reinhold Kager

For eit par veker sidan vart vi invitert til «transportplan-vorspiel» på Bergen stasjon. Representantar for regjeringspartia serverte store ord og sprudlevatn. Ei historisk satsing på Bergensbanen.
Ei stadfesting av ny Ulrikstunnel og opprusting av Vossebanen. Snarleg og fullt trykk på planlegging av Ringeriksbanen. 1,5 milliardar til byggestart av den same banen i 2018 eller der omkring. Bra! Men var det for godt til å vere sant? Var det noko med liten skrift her, som vi ikkje fekk sjå? Forum Nye Bergensbanen (FNB) gav ros for satsinga på Hordalandssida på Bergensbanen, men uttrykte ei uro for framdrifta for Ringeriksbanen. I BT 10. april kunne vi lese at SV og Lysbakken har kjempa for Bergensbanen og at det blir byggestart for Ringeriksbanen i siste seksårsperiode. Oddny Miljeteig skriv i BA same dag at 5,2 mrd til Bergensbanen er til investering. Planleggingsmidlar ligg på annan budsjettpost og er ikkje av desse investeringsmidlane.

Så kom den komplette, nasjonale transportplanen. Med den kom også kalddusjen. Regjeringa legg opp til ein maksimalt langdryg planprosess for Ringeriksbanen. Banen skal greiast ut like omfattande og grundig som prosjekt som aldri har vore anna enn påtenkt – enda Ringeriksbanen har vore utgreidd og vedteken i fleire rundar og i haugar av dokument heilt sidan 1992! Det skal gjennomførast ei konseptvalutgreiing (KVU), som er ein type utgreiing som blir nytta for mellom anna å finne ut om prosjektet SKAL byggast og KOR det skal byggast. Stortinget har vedteke opptil fleire gonger, både at Ringeriksbanen skal byggast og at den skal gå mellom Sandvika og Hønefoss. Vi treng ikkje å bruke tre år og hundrevis av sider med nye dokument for å stadfeste dette enda ein gong.

Godstog

Foto: Ukjent

Vi finn heller ikkje verken løyvingane eller dei konkrete orda som tilseier at Ringeriksbanen skal planleggjast ferdig fram til 2018, slik festlyden på Bergen stasjon sa. Det står derimot at 1,5 milliardar skal setjast av til planlegging og oppstart i perioden 2018-2023. All logikk og erfaring tilseier at Regjeringa har lagt eit løp som inneber byggestart for Ringeriksbanen i 2022-2023, i beste fall. I staden kunne ein ha lagt opp til ein effektiv og fornuftig planprosess med byggestart i 2018. Det er eit sprik mellom dei store orda og sprudlevatnet på Bergen stasjon og dei turre og harde fakta i dokumentet som Regjeringa har levert til Stortinget.

Vi er nøydd til å få oppklara desse mysteria; Skal vi gå og trø i fleire år med ein langdryg planprosess, som ikkje gir byggestart for Ringeriksbanen før 2022-2023, eller skal vi ha ein rask og fornuftig prosess som gir oss byggestart i 2018?»

Forum Nye Bergensbanen held fast på rosen til Regjeringa for at dei fyrste salvene for den nye Ulrikstunnelen skal fyrast av mot slutten av dette året – bra. Vi er nøgd med at Vossebanen skal rustast opp, og at vi får faste timesavgangar på toga mellom Voss og Bergen – bra. Og dersom Stortinget kan setje som mål at byggestart for Ringeriksbanen kan finne stad i 2018, då skal vi og bake blautkake og legge sprudlevatnet til kjøling. Då er vi komen viktige steg vidare for ein meir moderne Bergensbane.

Mona Haugland Hellesnes
Styreleiar, Forum Nye Bergensbanen
Fylkesvaraordførar, Hordaland

Dette innlegget var på trykk i Bergens Tidende 29. april 2013

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**