Rotevatn var først innom data-bedrifta Enoro AS i Dale der direktør Johnny Haugsbakk orienterte og tok opp viktige næringspolitiske utfordringar. Rotevatn blei også vist rundt i lokala. “Det står stor respekt av kva desse grunderane har klart å utvikle og bygge opp på få år i Dale. Og slik eg vurderer det, burde alt ligge tilrette for vidare vekst for verksemda. Det er viktig at vi kan få etablert, utvikla og ikkje minst behalde denne type IT-bedrifter og denne typen arbeidsplassar i fylket vårt,” meiner ein tydeleg imponert Rotevatn etter besøket på Enoro.
Seinare på dagen vitja Rotevatn, saman med ein delegasjon frå Fjaler Venstre, Haugland Røde Kors Rehabiliteringssenter der han møtte direktør Inger Osland til ei presentasjons- og informasjonsrunde. “Spisskompetansen som er bygt opp på Haugland Rehabsenter blir avgjerande å ta vare på vidare. Vi treng dette viktige tilbodet i Sogn og Fjordane og i vestlandsfylka. Den nye helsereformen legg opp til at kommunane får eit større ansvar for rehabiliteringstenestene. Men iallfall dei mindre kommunane vil aldri makte å bygge ut eit tilbod med tilfredsstillande brei fagleg kompetanse”, konkluderer Rotevatn.
I lunsjpausen fekk Rotevatn – som også er leiar i Unge Venstre- møte medlemmene i Fjaler Unge Venstre, skipa av ein gjeng Venstre-sympatisørar blant norske studentar på UWC.
På Røde Kors UWC Nordisk fekk Rotevatn nyttig informasjon i møte med rektor Richard Lamont, økonomisjef Stig Moltumyr, lektor Alistair Robertson og utviklingsdirektør Arne Osland. Dessutan fekk Rotevatn snakke med elevar og lærarar – og til slutt inspisere elevane si onsdagsreingjering på ‘Norway House’ – ein av internatbygningane.
Rotevatn likte det han såg og høyrde. “Eg har fått mange positive inntrykk. Dette er ein unik skule og eit unikt utdanningstilbod som vi kan vere stolte over å ha i Sogn og Fjordane.” Rotevatn fekk også orientering om den nye fylkesdekkande IB-linja skulen ynskjer å etablere i samarbeid med Dale vid. skule og det lokale næringslivet i Fjaler, Gaular og Hyllestad.