Men det offentlege heng etter: Kommunane gir læreplass til rundt 26% av læringane. Fylkeskommunen er nede på 4,2% og i statlege arbeidsplassar har berre gitt plass til 1,7% av lærlingane. Det vil seie at det berre er 3 tre lærlingar i staten i Aust-Agder. Det er for svakt. Det må da vere behov i den austagderske staten for å gjere seg lekker og interessant for lærlingar som kan bli svært god framtidig arbeidskraft? Det same gjeld fylkeskommunen. Heller ikkje der er det imponerande mange lærlingar.
I eit møte i fylkestingets kontrollutval fekk vi desse tala presentert, saman med betryggande plan for godt arbeid både med lærlingane og med oppfølging av arbeidsplassane. Det blei også opplyst at det var 40 nye lærlingplassar i 2011 og heile 120 nye i 2012. Mange av oss som er folkevalte pressar på for at skattebetalte arbeidsplassar skal åpne seg for ungdommen. La oss stille klare krav i kommunestyre og fylkesting, slik at enda fleire ungdommar og innvandrarar finn ein lettare veg inn i arbeidslivet.
Jan Kløvstad
Venstre