– La oss gjere eit nytt einstemmig vedtak om Agder Energi

– La oss gjere eit nytt einstemmig vedtak om å ikkje selje aksjane våre i Agder Energi, sa Venstres Jan Kløvstad i bystyret i dag. I desember 2012 fekk Venstregruppa med seg eit einstemmig bystyre til å

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


tilby seg å kjøpe Mandal kommunes aksjar, om mandal ville stå fast på vedtaket sitt om sal. For Venstre er dette ei viktig sak for landsdelen, og Jan Kløvstad sa seg glad for at også Kristiansand, Evje og Hornes og Marnardal støtta arbeidet for å ta vare på aksjefleirtalet.

Nå har eigarutvalet i Agder Energi innstilt på å forlenge fredningstida, under føresetnad av at ikkje generalforsamlinga før 1. juli 2014 vedtar å gå inn i eventuelle fusjonsforhandlingar med andre kraftselskap. Jan Kløvstad oppfordra bystyret til nytt einstemmig vedtak.

Og slik blei det: «Arendal bystyre samtykker i en forlengelse av fredningstiden for salg av aksjer i Agder Energi AS til 1.juli 2015 dersom forslag til fusjon ikke er fremmet for selskapets generalforsamling innen 1.juli 2014.»

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**