Valdres treng hurtiglading

Stadig fleire kjøper bil med alternativ drivstoff til bensin og diesel. I Noreg har salet av elbilar vore betydeleg dei to siste åra. Miljøgevinsten er stor, men i Valdres finst enno inga hurtigladestasjon, seier Ole Aastad Bråten, leiar i Nord-Aurdal Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

 Ole Aastad Bråten i Nord-Aurdal Venstre etterlyser hurtigladestasjon for elbiler i Valdres.

Ole Aastad Bråten i Nord-Aurdal Venstre etterlyser hurtigladestasjon for elbiler i Valdres.
Foto: Skeie Ljones

2012 var rekordår i salet av elbilar. Tal frå Norges Miljøvernforbund viser ei fordobling i salet samanlikna med året før. Det same gjeld for hybridbilar (elmotor kombinert med bensin eller diesel). På landsbasis var det ei fordobling i salet av slike bilar i 2012, samanlikna mot 2011.

Ein trend
Salet av elbilar har på inga måte erstatta salet av diesel- og bensinbilar, men det er ein veksande trend, særleg i byane. Klimaspørsmål er ikkje lenger berre for dei fåe. Miljøengasjement har vorte trendy og stovereint, i hotellbransjen, i skipsindustrien og i landbruket. Alle vil bidra til reinare miljø og betre klima. Er det ein grunn til at vi skal henge etter i denne utviklinga?

Kva seier tala?
Sjølv om andelen enno er låg aukar salet av el- og hybridbiler raskt. I desember 2012 utgjorde salet av slike bilar i Noreg 5,8 % av nybilsalet. I 2012 vart det registrert 3950 nye personbilar med elmotor, det er 1954 (+ 97,9 %) fleire enn i 2011. Med fleire nye modellar av el- og hybridbilar er det grunn til å håpe på vekst i åra som kjem.

Fordelane
Miljøfordelane er mange. Norsk kraftproduksjon er i hovudsak basert på vasskraft. Sjølv om ein vekst i elbilsalet vil føre til auka straumbruk, er energibruken til den norske elbildrifta likevel sikra gjennom grøne sertifikat.

I tillegg til miljøgevinsten er det ein rekke fordelar dersom du kjøper el- eller hybridbil. Driftskostnadane er 1/5 av gjennomsnittleg bensin- og dieselforbruk. Årsavgifta er 200 kroner, mot 3000 kroner som dei fleste betalar. Forsikringa er òg rimelegare enn for bensin- og dieseldrivne bilar. Regjeringa har forsikra oss om at desse fordelane vil vare fram til 2017, om ikkje lenger.

Fordelar til trass, med fleire elbilar på norske vegar vil vi vere avhengig av at det blir etablert fleire hurtigladestasjonar. 4000 av dei 8000 elbilane i Noreg kan nytte seg av slike ladestasjonar. Desse ladar bilen på rekordkjappe 30 minutt.

Som ein av dei viktigaste hytteregionane i landet og med Stamvegen dundrande gjennom dalføret, vil elbilfolket vera avhengige av at det blir etablert hurtigladestasjonar også her. Det er 130 hurtigladestasjonar i Noreg i dag. I Hallingdal har dei tre. I Valdres finst det ingen. Typisk.

Valdres er eit viktig reisemål for turistar og tilreisande. Mange av desse er opptekne av miljø- og klimaproblematikk. Det same er fastbuande elbilentusiastar, som det blir stadig fleire av. Valdres har ikkje råd til å miste miljøturistane til fordel for Hallingdal og andre reislivsbastionar. Skal vi halde på miljøengasjementet både hjå turistane og oss sjølve, må vi få på plass ladestasjonar i Valdres no. Har vi råd til å la vere?

Nord-Aurdal Venstre vil vere pådrivar for å få realisert ein hurtigladestasjon for elbilar på Fagernes, gjerne i eit spleiselag mellom kommunen, fylkeskommunen, det lokale energiselskapet og næringslivsinteresser. Vidare håpar vi ein slik prosess vil føre til framveksten av hurtigladestasjonar også andre stadar i Valdres.

Ole Aastad Bråten
Nord-Aurdal Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**