Rotevatn skal besøke Enoro AS (eks Elis) i Dale der temaet er strategiar og utfordringar knytta til etablering og drift av ei moderne IT-verksemd i Sogn og Fjordane. Seinare på dagen går turen til Flekke og Haugland der det blir møte med leiinga både på Haugland Rehabsenter og UWC Røde Kors Nordisk. Her skal m.a. spørsmål om rehabilitering knytta til den nye samhandlingsreformen drøftast.
Rotevatn som også er leiar av Unge Venstre, får også høve til å møte medlemmer av studentrådet ved UWC.
Klokka halv seks er det klart for medlemsmøte på kantina til Enoro i Dale. Der vil Rotevatn halde politisk foredrag med temaet “Stortingsval og valkamp-strategiar”. Møtet er eit sammøte med Gaular Venstre. Det er verdt å merke seg at Rotevatn på tre av dei fire siste nasjonale meiningsmålingane i følge analysebyrået pollofpolls.no er inne på Stortinget som utjamningsmandat frå Sogn og Fjordane. Han kan såleis bli ein viktig joker ved haustens val.
Sveinung Rotevatn til Fjaler
Stortingskandidat for Venstre i Sogn og Fjordane, Sveinung Rotevatn, vitjar Fjaler onsdag 24. april etter invitasjon frå Fjaler Venstre.