For første gong skal Kari Grindvik vere utsending på landsmøtet til Venstre.
Dette vert ei stor oppleving, seier Kari. Ho reiser til landsmøte for å ta vare på dei sosialliberale verdiane som er sjølve grunnfjellet i Venstre.
På talarlista er også ho også, for å fokusere på vårt ansvar for å ta vare på menneskerettane til flyktningar og asylsøkjarar.
Framlegget frå årsmøtet i Møre og Romsdal vart avvist av landsstyret, men er oppretthalde og skal
forsvarast frå talarstolen av Kari.
Forslag nr. 790
Tilleggsforslag frå Møre og Romsdal Venstre
side 81
linje 13
Nye kulepunkt:
* Stille opp for menneske på flukt som risikerar forfølgjing og dødsstraff heimlandet pga legning eller tru, ikkje skal sendast tilbake.
* Kjempe for at Norge i FN skal konfrontere regime som lovfestar systematiske overgrep mot FN-charteret dei har skrive under på.
Grunngjeveing:
I Venstre sine 10 liberale prinsipp er det nedfelt følgjande:
1: Fridom skal gjelde over alt, for alle- uavhengig av kjønn, livssituasjon og bakgrunn.
8: Makt skal spreiast og balanserast for å hindre autoritær politikk, maktmisbruk og korrupsjon
Desse prinsippa er grunnlaget for våre politiske løysingar og må også gjelde vårt ansvar for menneske som søkjer asyl i Noreg eller som lever under andre regime.
Vårt sosialliberale verdisyn pliktar at vi følgjer opp at Norge ikkje teier når vi ser at regime som har underteikna FN pakta, bryt denne gjennom lovfesta systemastiske overgrep.
Flyktningretten, menneskerettane og internasjonal humanitær rett består i stor grad av internasjonalt, juridisk bindande regelverk, både globale og regionale bestemmelser.
Sentralt i Menneskerettserklæringa av 1948 står artikkel 14, som omfatter retten til å søke asyl («Enhver har rett til i andre land å søke og ta imot asyl mot forfølgelse.»).
Det sentrale i flyktningretten er at personar som ikkje kan få vern i sitt eige heimland, kan søkje om å få internasjonal vern. Flyktningkonvensjonen av 1951 er det viktigaste beskyttelsesinstrumentet. Kunnskap om menneskerettighetskonvensjonene er viktig for å kunne tolke flyktningkonvensjonen, i tillegg til at det gir eit eige vern mot tilbakesending til stader med frykt for alvorlege overgrep.
Venstre må vere ein pådriver for at Norge skal ta dette omsynet på alvor.
Internt fordrevne kan ikkje krevje vern etter flyktningkonvensjonen, som berre gjeld dei som har kryssa ei internasjonal anerkjend grense. FNs retningsliner for internt fordrevne (av 1998) er ei samling prinsipp hentet frå ulike menneskerettinstrument, internasjonal humanitær rett, flyktningretten og internasjonal sedvanerett, som kvar for seg er bindande. Retningslinene fastset både dei internt fordrevne sine rettar, samt plikter i alle faser av flukta for både styresmakter og opprørsstyrkar.
Hjelp utanfrå er heilt naudsynt både for flyktningane sjølve, men også for stabilitetene i desse landa.
Venstre må sørge for at Noreg deltek aktivt i dette arbeidet, ikkje minst gjennom engasjementet i FN.
Møre og Romsdal Venstre
Kari Grindvik