Mona Haugland Hellesnes er fylkesvaraordfører i Hordaland for Venstre og styreleder i Forum Nye Bergensbanen.
– Det er svært bra at arbeidet med å planleggje Ringeriksbanen ferdig blir starta snarast. Vi er glade for at Regjeringa er tydeleg på at dette skal skje, og vi føreset at det blir sett av tilstrekkeleg med planmidlar til dette. Men vi hadde forventa at Regjeringa hadde vore tindrande klare på at byggestart skal setjast til 2018. I staden set Regjeringa av ein symbolsk sum på 1,5 mrd. til byggestart i perioden 2018-2023, seier Mona Haugland Hellesnes.
Det trengs om lag 15 mrd. for å bygge Ringeriksbanen. – Det er ingen som helst grunn til å skyve tidspunktet for byggestart ut i tid. Vi har dårlege erfaringar med å setje av symbolske summar til byggestart i slutten av ein planperiode. Dette har vi opplevd før, og 20 år er gått utan at Ringeriksbanen er bygd. Vi opplever likevel at det er ein større politisk vilje enn på lenge for å få bygd Ringeriksbanen. Stortinget må difor forsterke Nasjonal Transportplan med å seie at ein skal starte bygginga av Ringeriksbanen i 2018, seier Haugland Hellesnes.
– Det er bra at det skal gjerast opprustingar på jernbanen mellom Arna og Voss, og at vi får timesfrekvens på toga mellom Bergen-Voss allereie i desember i år. Når Ulrikstunnelen står ferdig, blir jernbanen mellom Bergen-Voss ytterlegare betra. Men Vossebanen treng omfattande opprusting, for å korte ned reisetida. Vi treng ein klar plan både for ein ny Vossebane og fleire og lengre kryssingsspor generelt på Bergensbanen, seier ho.
For å få reisetida på Bergensbanen ned mot fire timar, trengs det investeringar på om lag 50 mrd. kroner. Regjeringa seier at det skal setjast av 5,2 mrd. til Bergensbanen dei neste 10 åra. – Det seier seg sjølv at 10 % i riktig retning er for svakt, held Haugland Hellesnes fram.
Dei siste månadene har sentrale politikarar frå alle parti vore svært tydelege på at Ringeriksbanen bør byggast, og at det må satsast på Bergensbanen. Dette er avgjerande for å nå dei nasjonale måla om å flytte både person- og godstrafikk frå veg til bane.
– Vi ser fram til å lese den komplette Nasjonale Transportplanen fyrstkomande fredag. Det er da vi får alle fakta på bordet. Og vi forventar at Stortinget samlar seg om konkrete endringar i Regjeringa sitt framlegg til NTP og slår fast at Ringeriksbanen skal ha byggjestart i 2018, avsluttar Mona Haugland Hellesnes.