Vil du være frivillig i valkampen?

Hordaland Venstre søkjer frivillige til valkampen. Du kan allereie no registrere kva du kan bidra med og kor mykje!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Trine Skei Grande på stand i Bergen

Foto: Venstre

Venstre treng deg som frivillig til valkampen! Summen av bidrag er avgjerande for resultatet. Alle store og små bidrag er velkomne — alt frå kakebaking, blogging og varmt snakk om Venstre til vener og familie, til utkøyring av valbrosjyrar, frivillig i valboder, og dør-til-dør-besøk i lag med kandidatane våre.

Registreringsskjemaet finn du her: https://www.surveymonkey.com/s/L5ZQ589

Hordaland Venstre har sendt dette spørjeskjemaet til alle våre medlemmer, men andre som ønskjer å gjere ein innsats for Venstre er òg velkomne til å fylle ut skjemaet. Vi ønskjer at du brukar fem minutt til å fylle ut litt informasjon som vi kan bruke til hausten. Alle innsats tel for at Venstre på ny skal verte representert frå Hordaland, og for at Venstre nasjonalt skal kome over sperregrensa. Hordaland har ei viktig rolle for å sikre Trine og Borghild selskap frå mange fleire Venstre-røyster.

Valet til hausten vert eit regjeringsval. Vi går til val på ei borgarleg regjering med Venstre, KrF og Høgre. Venstre har ei nøkkelrolle for å sikre landet ei ny regjering, og at ho vert blå—grøn, ikkje blå—blå. Venstre vil i regjering for sikre at viktige politikkområde som kunnskap, klima, verdiskaping og velferd vert prioriterte. Grunnlaget for framtid vekst og sterke fellesskap må leggast no.

Spørjeskjemaet vil vere ope heilt fram til valet, og du kan når som helst registrere endringar i kva du kan bidra med og kor mykje. Likevel vil vi gjerne at du alt no set av fem minutt til å fylle ut skjemaet. At valkamporganisatorane får deg inn i listene sine så tidleg som råd vil letta arbeidet deira monaleg.

Med venleg helsing
Terje Breivik
Førstekandidat, Hordaland Venstre

Terje Breivik

Foto: Bård Ek

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**