På gruppemøtet diskuterte vi korleis vi kan løyse dei ulike utfordringane grunnskulen stend ovanfor. I kommunestyret tok Venstres Kristian Stråmyr (bildet) ordet og sa:
«Ordførar, Haram Venstre er glad for at det er mykje bra i skulen, med jamt over god trivsel og gode resultat. Likevel er det rom for forbetringar, og vi i Venstre noterer oss at dei fleste skulane etterlyser auke i rammetimetalet. Venstre har tidlegare lova dette, og vil prioritere dette høgt på neste års driftsbudsjett. Vi ventar òg med spaning på resultatet av evalueringa for innføringsklasse av framandspråklege elevar ved Brattvåg Barneskule. Dersom det gir eit positivt resultat ynskjer vi å eksportere denne modellen til andre skular med behov for eit slikt tilbod.»
Vidare i same kommunestyremøte blei det vedteke å bruke 8 millionar kroner til naudsynt renovering av vindauger og ytterveggar både på Brattvåg og på Vatne Ungdomsskule. Dette blir finansiert over låneopptak.
Haram Venstre vil med dette ynskje alle ei retteleg god påske!