Den 10. april skal Helse Vest handsama ny plan for kirurgien i det regionale helseføretaket. I denne planen ligg det mange formuleringar og mange utfall som kan få dystre konsekvensar for helsetilbodet i Sunnhordland. Samstundes har ein sett at det på Valen har store delar av verksemda og tilbodet vorte sentralisert til Haugesund. Inne i Odda har situasjonen vore enda meir dyster lenge, og ein har sett eit fødetilbod som har vorte sterkt svekka. Samstundes som andre helseføretak satsar på lokale Barne- og ungdomspsykiatri fasilitetar så har også desse vorte sentralisert til Haugesund.
På bakgrunn av desse og andre saker er det på tide å setta foten ned. Me kan ikkje sitta stille og sjå på at helsetilbodet sakte men sikkert vert bygd ned og sentralisert vekk. Me treng eit lokalt helsetilbod som gir ein trygghet til innbyggjarane. Det ser me at vert umogeleg med Helse Fonna.
Difor ynskjer me ei overflytting til eit Helse Hordaland. Denne underskriftskampanjen går ut på at ein må frå sentrale myndigheiter avklara kva det er ein eigentleg ynskjer at lokalsjukehusa skal vera. Og gje informasjon nok til at ein kan få ei føreseieleg framtid, eller plassera sin valseddel med tilstrekkeleg bakgrunnsinformasjon.
Den 4. april vert det arrangert eit ope folkemøte i auditoriet ved på Stord Vidaregåande Skule avd. Saghaugen. Dette møtet vil inkludera ein presentasjon frå Administrerande Direktør i Helse Fonna, Olav Klausen, leiar av folkerørsla for lokalsjukehusa, Nils Johan Ystanes kjem og tidlegare leiar ved medisinsk klinikk på Stord Sjukehus, og fylkestingspolitikar Anne-Beth Njærheim. Etterpå vil det vera ein stortingspolitisk debatt om temaet helse og lokalsjukehus.
Møtet byrjar kl. 18.00
4. april
Stord Vidaregåande Skule
eller (trykk her for å skriva under på kampanjen.)
Mvh,
Geir Angeltveit
Kommunestyrerepresentant Stord Venstre