Bergen delprivatiserer Bergen kino

Snart tre år etter at byrådet gjekk inn for å selja 49 av aksjane i Bergen kino, vedtok bystyret onsdag kveld delprivatiseringa.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Kino Bergen

Foto: Kino Bergen

Aksjesalet til svenske SF Kino AS for 88 millionar avsluttar dermed ein årelang kulturdebatt i vestlandshovudstaden. Sjølv om utfallet har vore klart lenge vart debatten i bystyresalen av det intense slaget, melder NRK Hordaland.

— Me er sterkt uroa for at dette fører til at den private deleigaren berre tenkjer profit, sa Venstre-representant Julie Andersland frå talarstolen i bystyresalen.

Andersland2

Foto: Mathias Fischer

Venstre ville ha filmfond
Venstre og resten av opposisjonen ønskjer å bruka salssummen til å oppretta eit filmfond for å styrka filmmiljøet i Bergen.

— Ikkje la desse pengane forsvinna inn i den vanlege kommunale drifta, sa Andersland.

Heller ikkje dette forslaget frå opposisjonen fekk fleirtal.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**