POLITISK REKNESKAP 2012, Balestrand Venstre

Slik den vart lagt fram på årsmøtet til Balestrand Venstre i januar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Venstre si folkevaldgruppe
Hanna Menes, Utval for plan og utvikling
Kari Bolstad, Utval for oppvekst og omsorg og kommunestyret
Råmund Nyhammer: Formannskap m/ tilhøyrande utval og kommunestyret

Det er eit godt samarbeid og ein god tone i folkevaldgruppa, og ei felles forståing kva verdiar vi skal opptre etter: Vere ryddige, behandle andre parti og representantar med respekt, vere kompromissvillige, men samstundes ha valprogrammet vår som utgangspunkt. Vi føler at vi langt på veg greier å leve opp til desse ideala, og vi meiner vi har eit rimeleg godt forhold til dei andre partia. Sp må likevel trekkast fram som det partiet som ligg oss nærast, og som vi har mest og best kontakt med.

Samarbeidet med Ap og Sp:
Både med bakgrunn i konstitueringa og det at det kun er V, Ap og Sp som har nytta seg av den folkevalde arbeidsdagen, har ein tettare dialog med Ap og Sp enn dei andre partia vore naturleg for Venstre. Denne dialogen har vore positiv, og i budsjettsaka svært lærerik og heilt nøvendig for oss.
Rommet for dei tre partia til å ha eigne syn og fremje eigne forslag i dei ulike politiske fora har vore stort.
Det er på sin plass å nemne at når det gjeld budsjettsaka så har det også vore 2 møter der alle politiske parti har delteke med sine gruppeleiarar for å finne løysingar på den vanskelege situasjonen kommunen er i økonomisk.

Saker:
Utanom budsjettsaka har det ikkje vore dei heilt store og krevande sakene i 2012. Tek likevel med nokre som eg ut frå heilt subjektive vurderingar meiner kan vere av interesse:

F.m.sk. 08.02: SAK 5/12 Eigedomsskatt – rammer og mogelegheiter
Venstre ba om å få denne saka i formannskapet og hadde eit slikt framlegg til vedtak: "Formannskapet ber administrasjonen greie ut økonomiske og andre verknader/konsekvenser ved ei eventuell innføring av eigedomsskatt for faste eigedomar i heile kommunen.Utgreiinga skal leggjast fram til politisk handsaming seinast 1. november 2012 som grunnlag for sak om ei eventuell innføring av eigedomsskatt i heile kommunen med verknad frå 2014."
Bakgrunnen for Venstre for å reise denne saka var den alvorlege økonomiske situasjonen kommunen er i, og at det ikkje er utsikter til særleg betring. Vi hadde trudd at Ap, med det streke fokuset partiet hadde i valkampen på økonomi, ville støtte oss. Det skjedde ikkje, og framlegget fall mot Venstre si eine stemme. Så har nok alvoret gått opp både for Ap og Sp i etterkant. Ved budsjetthandsaminga i kommunestyret i desember vart utgreiing av eigedomsskatt på private eigedommar i heile kommunen vedteke mot H og KrF sine stemmer.

Kom.st. 16.02: SAK 7/12 Endring av organisasjonen
Samrøystes vedtak om å opprette kommunalsjefsstillingar. Med dette vedtaket vart eit viktig steg teke for å få ei betre organisering av drifta i kommunen med klarare ansvarsfordeling og ei avlasting for rådmann som til no har hatt eit for stort ansvarsområde og dermed for stor arbeidsbyrde. Vidare omorganisering nedover i systemet — spesielt innan helse og omsorg — pågår endå, og er ein prosess som er administrativt styrt (og heldigvis) utan innblanding frå politisk hald. Rådmannen har gjort ein god jobb når det gjeld å trekke opp klare linjer mellom admistrativt og politisk ansvarsområde, og å få klare linjer nedover i organisasjonen. Det har nok tidlegare vore tendensar til for mykje "på kryss og tvers"-kommunikasjon.
Det er viktig å få ein "slankare" og mindre kostnadskrevande organisasjon.

F.m.sk. 13.09: SAK 53/12 Reguleringsplan for Sæle Sag – Rammer for planarbeidet
Denne saka handlar om Sæle Sag sin trong for meir areal og igangsetting av planarbeid vdr. dette. Verksemda ynskjer primært å utvide mot vest, inn på naboeigedom. Etter Sæle Sag si meining er det mindre gunstig å utvide mot nord og aust, d.v.s. det området som er lagt ut som næringsområde i kommuneplanen (vedteken 25.03.10).
Venstre la fram eit forslag som i korte trekk går ut på at planarbeidet kun skal omfatte areal innanfor det som i kommuneplanen er utlagt som næringsområdet. Venstre fekk støtte berre frå Sp, og forslaget fall.

F.m.sk. 06.12: SAK 85/12 Opprusting og bruk av “Gamle Essoen”
Ei arbeidsgruppe har sett på mogelegheitene for å ruste opp Gamle Essoen til eit allbrukshus. Det er lagt fram 3 alternativ vdr. kostnad (1,1 mill. – 556.500 – 100.000 kr.) avhengig av grad opprusting. Det var svært sprikande syn i f.m.sk. vdr. denne saka. Venstre meinte at ein på grunn av krevande kommunal økonomi ikkje har råd til å gjere låneopptak til føremålet, men heller ikkje råd til riving (ca.300.000 kr) Derfor ønskte Venstre å utsette saka på ubestemt tid. Ein syntes også at ugreiingsabeidet vdr. brukargrupper/ bruk av bygget var svært mangelfullt.
F.m.sk. greidde å samle seg om eit kompromiss som ei tilråding til kommunestyret: " Bygget skal stå. Arbeidet med å skape eit innhald i bygget skal vidareførast. Det vert opna for å nytte noko driftsmidlar frå ansvar 350 til å gjennomføre det mest preserande vedlikehaldet."
Framlegget vart samrøystes vedteke i kommunestyret 13.12.12.

Budsjettarbeidet
Sterkt reduserte kraftinntekter, små statlege rammer, tomme fond. Dette er dei viktigaste stikkorda for å beskrive utgangspunktet for budsjettarbeidet. Det positive er den tverrpolitisk erkjenninga av at ein har ein særs vanskelege økonomiske situasjon, og vi har såleis ikkje merka markeringsbehov eller forsøk på å ri kjepphestar frå noko hald. Semja om totalt sett store kutt i drifta har vore brei. Det har likevel vore til dels krevande drøftingar, og kanskje mest då mellom V/Sp på eine sida og Ap på den andre, når det gjeld fordeling mellom ulike ansvarsområde. Men gjennom litt "gi og ta" vart usemja gradvis mindre.
Det er også all grunn til å nemne KrF som ein ryddig og konstruktiv bidragsytar i diskusjonane og då særleg i f.m.sk.
Det som uroar Venstre si folkevaldgruppe mest er det minimale overskotet som ligg i budsjettet. Vi føler oss langt frå sikre på at 400.000 kr. er nok til å komme økonomisk i mål i 2013.

Nessane 02.01.13

Råmund Nyhammer
gruppeleiar

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**