Styret 2012
Leiar: Kari Tordis Aarskog
Nestleiar og skrivar: Kari Bolstad
Kasserar: Jon Asbjørn Målsnes
Styremedlem: Ken Heine Bakke
Vara til styret: (rangert)
Marta Kvikne, Britt Grimelid, Jarle Geithus,
Erna Gjerde, Ragnar Aaland.
Revisor: Lars Sjøthun og Arild Hellenes
Medlemstal: 29 betalande i 2012
Møte
Medlemsmøte: Det har vore 9 medlemsmøte, som er 6 mindre enn i 2011. Frammøtet har vore svært bra, heilt opp i 11 medlemar!
Styremøte: Det har vore 2 styremøte
Gruppemøte: Her har det vore 6 møte i forkant av utvalsmøta, på folkevalgt arbeidsdag
Studiearbeid
Medlemsmøta vert rekna som studiearbeid.
Avisinnlegg/oppslag
BV hadde eitt lesarinnlegg i samband med budsjett i desember.
Innmelde saker frå BV
Balestrand Venstre hadde innspel til kontrollutvalet i samband med ny plan for forvaltingsrevisjon. BV fremja "Forvaltingslova" som forvaltingsrevisjonsprosjekt 2012-2016, og peikte på oppfølgjing av svarfristar, informasjon til innbyggjarane, serviceinnstilling m m som kunne ha forbetringspotensiale.
Utsendingar
Britt Grimelid, Kari Tordis Aarskog og Kari Bolstad møtte på Fylkesårsmøtet på Sogndal Hotell 11-12.februar 2012
Kari Tordis Aarskog, Hanna Menes og Kari Bolstad møtte på Nominasjonsmøte i Førde 3.0kt 2012
Annan aktivitet
Balestrand Venstre har levert inn 5 møteprotokollar frå 1884-2010 til Fylkesarkivet. Desse er levert som gåve. Dei kan nyttast fritt og lånast tilbake ved ynskje.
Hatlehaugen, 20.01.2013
Kari Bolstad