Venstre prioriterer Bergensbanen

Venstre sin nestleiar og fyrstekandidat i Hordaland, Terje Breivik, er svært overraska over at SV ikkje prioriterer Bergensbanen, ikkje minst med tanke på at SVs partileiar Audun Lysbakken er frå Bergen og stiller til val i Hordaland.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


– Det er veldig rart at ikkje SV vil prioritera eit så viktig samferdselsprosjekt som Bergensbanen i programmet sitt. Det svekkar sjansane for at ei raudgrøn regjering kjem til å rusta opp Bergensbanen. Eit program er ein kontrakt med veljarane. Det er berre å konstatera at SV ikkje vil ha Bergensbanen med i den kontrakten, seier Breivik.

Bergensbanen

Foto: MK

– Dette syner at det er avgjerande for Bergensbanen at jernbanepartiet Venstre kjem i regjering. Me prioriterer Bergensbanen både i våre budsjett og i vårt stortingsvalprogram for neste periode, seier Breivik.

Venstre føreslo i statsbudsjettet 200 millionar til Bergensbanen for å sikra oppstart av arbeidet i Ulrikstunnelen allereie i 2013 og for å koma i gang med arbeidet på Vossabanen. Venstre har også med Ringeriksbanen i programmet sitt som endelig blir vedtatt på
landsmøtet til våren.

Terje Breivik

Foto: Kåre Pettersen

– Venstre går inn for å inkludera Ringerikstunnelen i InterCity-satsinga, og sett av pengar til det prosjektet. Me går inn for å forkorta Bergensbanen i begge endar, seier Breivik.

– I ei blågrøn regjering kjem Venstre til å prioritera opprusting av Bergensbanen, seier Venstre sin fyrstekandidat i Hordaland, Terje Breivik.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**