Gullkysten langs Sogn og Fjordane treng Kystvegen!

Næringslivet langs kysten er avgjerande viktig for Sogn og Fjordane. Kystvegen er avgjerande viktig for næringslivet. Sogn og Fjordane Venstre vil ta initiativ til at dette prosjektet vert høgt prioritert på alle nivå.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Askvoll Flokenes

Kystvegen er viktig for verdiskapinga langs kysten. Med Dalsfjord-sambandet og Bremanger II-sambandet er det lagt eit godt grunnlag for denne. Reiseavstandane mellom Måløy og Svelgen gjer det til dømes fullt mogleg å bu i ein kommune og arbeide i den andre.

Direkte kommunikasjonsline sør-nord er naudsynt for at den positive utviklinga av dei marine-, maritime- og petroleumsretta næringane på kysten skal halde fram. Til dømes konkluderer rapportar med at den største bremseklossen for deira utvikling i fylket er at Florø manglar eit større omland, ein bu- og arbeidsmarknad. For at produkta skal nå marknadane enkelt, trygt og hurtig, er det svært viktig at fylket set Kystvegen høgt på sin prioriteringsliste.

Sogn og Fjordane Venstre er uroa for at vi i fylket vårt ikkje får høve til å utvikle ressursane og verdiskaping på grunn av svak infrastruktur. Vi meiner difor at ringverknader for næringslivet må vektast tyngre i prioriteringa av samferdselsmidlar.

Det må nasjonalt innrettast finansieringsordningar som gjer at både offentlege og næringsmessige interesser kan bidra på ein tenleg og samfunnsøkonomisk måte.
I påvente av vegsambanda i Kystvegen er det naudsynt med betre ferjeavgangar og båtruter langs kysten. Som ein del av dette krev Sogn og Fjordande Venstre at det vert innført halvtimesavgangar på ferjesambandet Måløy – Oldeide når Bremanger 2 opnar i mai 2013.

– Fråsegn som vart vedteken på Sogn og Fjordane Venstre sitt årsmøte, innsendt av Askvoll Venstre, Bremanger Venstre, Fjaler Venstre, Flora Venstre, Naustdal Venstre og Vågsøy Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**