Ei slik løysing vil binde saman fylket og gjere oss meir effektive både når det gjeld transport og pendling. Dei delane av fylket som er avhengige av ferjesamband vil med dette framstå som meir attraktive, ikkje minst fordi føreseielege ferjeruter vil gjere det enklare å ferdast i fylket.
Sogn og Fjordane Venstre vil at ferjeavløysingsmidlane fylket får skal brukast til å erstatte ferjer med brusamband. Mellom anna ser vi at Atløysambandet er eit prosjekt som skil seg særs positivt ut når det gjeld inntekter frå ferjeavløysingsmidlar.
Sogn og Fjordane Venstre har eit langsiktig mål om ferjefri E39, men fram til dette er oppnådd er det avgjerande for utviklinga å ha gode ferjesamband på riksvegnettet.
– Vedeteken fråsegn på fylkesårsmøtet til Sogn og Fjordane Venstre