Miljøprisen vart delt ut under Hordaland fylkesting sitt møte i Bergen i dag, 12. mars 2013. Leiar i kultur- og ressursutvalet, Anne Beth Njærheim (V), stod for utdelinga.
Organisasjonen får prisen for det årelange arbeidet sitt for å få barn og unge ut i naturen for å driva fiske og friluftsliv. Og for bidraget sitt til naturforvalting gjennom å hausta av naturen og ta vare på han. Dei har lokallag i mange av kommunane i Hordaland.
Arbeidet deira er breitt og femner vidt. Gjennom kurs og aktivitetar for folk i alle aldrar, samfunnslag og med eiga kvinnegruppe får dei spreidd kunnskap, interesse og erfaring om berekraftig bruk av naturen, aktive liv og om miljøvern, sa utvalsleiar Njærheim ved tildelinga.
Dei har lenge vore pådrivarar innan miljø- og vassdragsvern og har også kjempa for å ta vare på villaksen.
Njærheim trekte spesielt fram jeger- og fiskeforbundet sitt arbeid med unge inspirerande, og nemnde to døme:
1) Dei tilbyr undervisning retta spesielt mot elevar med behov for ekstra tilrettelegging. Ein viktig del i dette opplegget er å gjera ungdommane bevisste på verdien av natur- og miljøvern .
2) Eit anna døme er prosjektet Wild West, som er eit aktivitetstilbod til framandkulturell ungdom. Dei unge vert tekne med på havfisketurar, ut i båt for å trekkja krabbe- og havteiner og turar på Fløyen. Tre av deltakarane i prosjektet har vore på leiarkurs i Oslo, og har etter dette fått ansvar for å driva prosjektet.
Til stades for å ta imot prisen på vegner av Noregs Jeger- og Fiskerforbund Hordaland var leiar Bjarte Erstad.
Hordaland fylkeskommune har kvart år sidan 1992 delt ut ein eigen miljøpris. Miljøprisen skal vera til heider og stimulans for einskildpersonar, lag, organisasjonar eller bedrifter frå Hordaland som har utmerka seg innafor klima- og miljøvernarbeidet.
Det er Kultur- og ressursutvalet i fylkeskommunen som peikar ut prisvinnaren mellom dei føreslegne kandidatane.