Ein solid skulebruksplan for heile Hordaland

Etter ein lang og engasjerande prosess, er skulebruksplanen for Hordaland fylkeskommune no endeleg vedteken i Fylkestinget. – Resultatet er godt både for fylket og for den einskilde elev, seier Mona Haugland Hellesnes.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

 Eit reknestykke

Eit reknestykke
Foto: Microsoft

Ein demokratisk prosess
Frå innstillinga til administrasjonen blei presentert til det endelege vedtaket, har det vore ein lang prosess. – Det har vore ein god og engasjerande prosess, seier Mona Hellesnes. – Det folkelege engasjementet frå elevar, organisasjonar, næringsliv og kommunar har vore naudsynt for oss. Ikkje alle har fått gjennomslag for sitt syn, men mange vil sjå at vi har lytta til deira innspel når vedtaket no er fatta, seier ho.

 Eit meir vanskeleg reknestykke

Eit meir vanskeleg reknestykke
Foto: Microsoft

I opplæring- og helseutvalet har det vore bergensaren Grete Line Simonsen som har representert Venstre. – Eg er glad eg fekk høve til å utforme ein så viktig plan, seier ho. – Eg har sett kor viktig det er at Venstre er ein del av ein fleirtallskoalisjon. Det er mykje i denne planen med eit tydeleg Venstre-avtrykk.

Anne-Beth Njærheim

Foto: ukjent

Solid i Sunnhordland
I Sunnhordland har det vore høg temperatur om skulebruksplanen. Det har fylkestingsrepresentant Anne Beth Njærheim frå Bømlo fått merke. – Det har vore eit stort engasjement for skulane. Difor er eg glad for at Venstre fekk gjennomslag for å bevare tilbodet på Bømlo og i Fitjar, som vart føreslått nedlagt.

Særleg viktige Venstre-gjennomslag i Sunnhordland:
• Oppretthalde Fitjar vgs som i dag
• Slå saman Bømlo og Rubbestadnes og gjere tilbodet fremtidsretta
• Styrkar og ivaretek Service og samferdsel og Studiespesialisering på Bømlo

Bærekraft i Bergensregionen

Grete Line Simonsen

Foto: Ukjent

Også i Bergen har det vore gjort endringar. Nokon av desse endringane blei vedtekne allereie før jul, mellom anna for BHG og Amalie Skram vgs. – Som bergensar har utfordringa mi vore å sjå heile fylket i heilskap, seier Grete Line Simonsen, som er tidlegare leiar i Bergen Venstre. – Resultatet har blitt ein god skulebruksplan for Hordaland, for Bergen og for den einskilde elev.

Særleg viktige Venstre-gjennomslag i Bergen:
• Ta vare på Fana gymnas med ei ny vurdering i 2016
• Bevare musikk- og danselinje på Langhaugen vgs

Rolf Nesheim

Foto: Marta Kvikne

Nødvendige grep i Nordhordland
Fylkesleiar i Hordaland Venstre og fylkestingsrepresentant Rolf Nesheim er frå Lindås, og har vore oppteken av å sikre eit godt skuletilbod i Nordhordland. – Eg er glad vi har funne ei løysing for Austrheim, som stod i fare for å bli nedlagt, seier han. No er det opp til skulen, kommunen og næringslivet å utvikle skulen frå den plattforma som ligg i vedtaket.

Særleg viktige Venstre-gjennomslag i Nordhordland:
• Austrheim vgs vert opprethalden med sikte på ein 8-13-skule

Veldig bra på Voss og Hardanger

Mona_Haugland_Hellesnes

Foto: Reinhold Kager

Skuletilbodet på Voss har gjennomgått store endringar, vedteken før jul. – Det sikrar eit solid og framtidsretta tilbod for heile regionen, seier Mona Haugland Hellesnes. Ho er tidligare ordførar i Ulvik, og er også godt nøgd med endringane for Hjeltnes. – No skal vi utvikle Hjeltnes vgs med nye fagtilbod for ei bærekraftig framtid.

Særleg viktige Venstre-gjennomslag i Voss/Hardanger-regionen:
• Ivareta Hjeltnes vgs og etablering av nye fagtilbod for framtida
• Samlokalisert skule i Kvam
• Solide og framtidsretta endringar på Voss
• VG2 kjøretøy flytta til Voss

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**