Kjersti Toppe må få seg noko betre å gjera på

Leiar i Sunnhordland Unge Venstre, Maria Irgens, og kommunestyrerepresentant for Stord Venstre går ut mot Kjersti Toppe i hennar nye utspel om radikale fridomsinnskrenkande arbeidsår for ungdom!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


– Dette lesarbrevet var på trykk i Bladet Sunnhordland fredag 1. mars 2013.

I nokre veker no kan Aftenposten melda at det har vore debatt internt i fleire parti kva gjeld kjønnsnøytral verneplikt.

I denne samanheng har Senterpartiets stortingsrepresentant frå Hordaland, og nestleiar i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Kjersti Toppe igjen komme med sine idear.

 Kjersti Toppe er Senterpartiets førstekandidat til Stortinget for Hordaland. Sunnhordland Unge Venstre meinar den plassen bør gå til nokon som har betre forslag enn forbod på forbod på forbod.

Kjersti Toppe er Senterpartiets førstekandidat til Stortinget for Hordaland. Sunnhordland Unge Venstre meinar den plassen bør gå til nokon som har betre forslag enn forbod på forbod på forbod.
Foto: Stortinget.no

Toppe, som tidlegare er kjend for å villa forby pappvin då store mengder gjer det for lett å ta seg eit glas, eller 10-pakkningen røyk fordi små mengder gjer det for lett å ta seg ein blås, kjem no med det radikale forslaget om å innføra eit obligatorisk arbeidsår i helsevesenet for all ungdom. Som om ungdom var statens eigedom for å forvalte kor det måtte vera.

«Vegen til helvete er brulagt med gode intensjonar» lyd eit ordtak. Det gjer seg svært gjeldande
her.

Løysinga på dei store utfordringane i helsesektoren ligg ikkje i ufaglært, umotivert og uerfaren ungdom i tidsavgrensa og aldersbestemt tvangsarbeide, på luseløn. Og korfor avgrensa seg til helsesektoren? Staten manglar også arbeidskraft i skulen. Petroleumssektoren er viktig for landet og manglar arbeidskraft. Billig arbeidskraft kunne komme godt med for å få fart på jernbanen- og vegutbygginga. Og Ola Snikker får berre venta eit år midt i lærlingeperioda sin for å følgja eldre på butikken, som Senterpartiets Kjersti Toppe foreslår. Og dei fast tilsette vert nok sjeleglad for å konstant måtte bytte ut sine medarbeidarar Og korfor berre ungdom, kva med eit tvangsarbeidsår for alle det første året i pensjonisttilværsla, ho kan sikkert finna på noko til dei også.

Grunnen burde vera openbar for einkvan med tru på individuell fridom. Staten skal dekkja sine behov gjennom mest mogelege rettvise skattar og avgifter. Då står borgarane fritt til å sjølv styra sine eigne liv. At alle under ein viss alder skal gje frå seg eit heilt år av sitt liv til staten for å dekka tilfeldige behov er ufatteleg illiberalt. Ungdom er ikkje statens eigedom. Verneplikt kan til naud forsvarast om det er den einaste måten å forsvara landet og vår fridom på, men det er berre bra at verneplikten er i ferd med å verta sovande då det i hovudsak er behov for dei som i utgangspunktet er motiverte.

Med liberal helsing,

Maria Irgens

Foto: Ingrid Handeland

Maria Irgens
Leiar av Sunnhordland Unge Venstre

Geir Angeltveit, Ungdomskandidat Stord Venstre

Foto: M. Fischer

Geir Angeltveit
Kommunestyrerepresentant Stord Venstre
Styremedlem Hordaland Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**