Fråsegn: Prioriter studentvelferd og studiekvalitet

Å satsa på studentar er å investera i morgondagens kunnskapssamfunn. Venstre meiner målet ikkje må vera at flest mogleg studerer, men at dei som studerer får ei best mogleg utdanning. For å få til dette trengst eit løft for studentvelferd og studiekvalitet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Studenter, høgskole, universitet, studier

Foto: Microsoft

6 av 10 studentar arbeider ved sidan av studia, og arbeidsinntekter utgjer i dag ein større del av studentane si disponible inntekt enn studielånet. Over halvparten får også økonomisk støtte frå familien. Dette har bidratt til at færre studentar enn tidlegare oppgir å ha vanskar med å klara seg økonomisk, men det gjer også at ein må ha hatt ein god porsjon flaks for å ta seg godt gjennom studia. Venstre meiner det trengst eit løft for studentvelferda, særleg retta mot dei som treng det mest.

Regjeringa si satsing på nye studentbustader er mangelfull. Det oppretta meir enn tre gonger så mange studieplassar som det er gitt tilskot til studentbustader, og den statlege tilskotsdelen av byggjekostnaden for nye studentbustader gått ned frå omlag 60% i 2005 til 35% i dag. Størstedelen av kostnadene ved nye studentbustader er altså flytta over til studentane sjølve.

Studentar med dårleg helse er den gruppa som har størst vanskar med å betala laupande utgifter. Tiltak som skjermar studentar for høge helseutgifter er difor ein målretta måte å betra situasjonen for dei studentane som treng det mest. Venstre meiner at studentar bør få høve til å ha fastlege både på heimstaden og studiestaden, slik at det blir enklare for fleire å ta i bruk helsetilbodet på studiestaden.

Ei anna stor utfordring i dag er etterslepet på vedlikehald av bygningsmassen til universiteta og høgskulane, som utgjer det fysiske læringsmiljøet til studentane og arbeidsmiljøet til dei tilsette. Dette utgjer fleire milliardar ved dei største læreseta. Om ikkje ein større del av dette etterslepet blir tatt igjen dei komande åra, vil dette over tid ramma både studie- og forskingskvaliteten.

Studentane har mindre kontakt med faglærarane og får færre faglege tilbakemeldingar på studentoppgåver nå enn i 2005. Mindre oppfølging og fagleg kontakt mellom studentar og tilsette kan tyda på at auka i studentmassen har gått ut over studiekvaliteten. Måla med Kvalitetsreforma om å heva av studiekvaliteten er ikkje nådd, og særleg er det fagleg tilbakemelding det skortar på. Venstre meiner den komande evalueringa av Kvalitetsreforma må munna ut i at finansieringsordninga for læreseta blir endra slik at det ikkje taper seg å satsa på god undervisning.

I dag er den samla studiestøtta ein får frå Lånekassen 1% lågare enn i 2005, justert for prisauke. Prisjusteringa tar derimot ikkje høgd for den store auka i bustadprisane i same periode. Tar ein med i rekninga at det er blitt mykje dyrare å bu, er studiestøtta reelt sett blitt redusert. Venstre vil difor ha ei betre og meir fleksibel studiestøtte.

Venstre meiner at studentane sjølve bør ha fridom til å velja om dei skal få studielånet utbetalt over 10, 11 eller 12 månader, eller om dei ønskjer å få lånet for heile semesteret utbetalt på éin gong.

Venstre går ikkje med på ei utvikling der fleire og fleire får studera medan rammene rundt studia blir dårlegare og dårlegare. Me ønskjer difor:

•Minst 2000 nye studentbustader kvart år
•At kostnadstaket for studentbustader blir fjerna
•At staten finansierer 50% av byggjekostnadene for nye studentbustader i form av tilskot
•At universitet og høgskular får særskilte tilskot til å halda bygningane sine ved like
•Ei betre og meir fleksibel studiestøtte
•Sterkare oppmuntring til å satsa på betre studiekvalitet, særleg på bachelornivå
•At det ikkje blir oppretta fleire nye studieplassar årleg enn at studiekvaliteten, læringsmiljøet og bustadsituasjonen for studentane kan oppretthaldast og betrast
•Auke inntektsgrensa i Statens lånekasse for utdanning.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**