Ål Venstre ynskjer fortsatt satsing på Ål Kulturhus

I tråd med vedtaket i desembermøtet har Sektorutval for kultur og oppvekst i sitt møte i januar 13, etablert ei arbeidsgruppe som skal arbeide med alternativ finansiering av utvikling av Ål kulturhus. Ål Venstre vil ynskje arbeidsgruppa lukke til med arbeidet og håper for heile regionen at Ål Kulturhus får gode vekstvilkår framover.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Vedtaket i sektorutvalet om å sette ned ei arbeidsgruppe, er ein konsekvens av kommunestyret sitt vedtak i økonomi- og budsjett-debatten i desember 2012.
Her er Sissel Urke (V) sitt innlegg i kommunestyret 21.12.12 for fortsatt ambisiøs satsing på Ål Kulturhus:

Vidareutvikling ÅL kulturhus
I dag skal vi ta stilling til om vi vil løyve 200.000 i 2013 for om mogeleg å kunne delfinansiere ei utbygging av kulturhuset, delprosjekt 1 og 2. Dette alternativet vart nedstemt i formannskapet. Eg meiner vi må lyfte det fram att.

Vi er ikkje ein kulturkommune fordi vi er rike og har råd til det, men fordi vi meiner at kultur har ein eigenverdi.
Kultur kan ikkje vere noko vi berre driv med når vi har pengar til overs, men fordi kultur ligg til grunn for identitetsskaping, tilknytning, bulyst, livskvalitet og god folkehelse. Derfor er det viktig at vi tør å halde fast på viktige prinsipp og visjonar også i tider då noko må prioriterast bort. Vi har ikkje råd til å la vere.

I pkt. 2 i dei overordna målsetjingane i kulturplanen 2010-2015 står det:
“Videreutvikling av Ål kulturhus skal stå sentralt i planperioden.”
Vi har nettopp sett tilbake på 20 suksessrike år med Ål kulturhus. Behovet for å sjå kulturhuset som eit kreativt kraftsentrum også i framtida kan begrunnast breidt, men eg vil trekke fram nokre punkt:

Eit stadig skiftande behov og trendar som gjer større fleksibilitet naudsynt, spesielt for å møte ungdomskulturen på ein betre måte.
Ein kommunal kulturskule som for lengst har vokse ut av huset, 380 elevar og over 100 på venteliste seier sitt
Eit Kulturhus som er ei leikegrind for kreativitet, innovasjon og gründerkultur, og som byggjer bru mellom miljø.
Eit kulturhus som har potensiale til å bli enda viktigare som kulturverkstad for heile Hallingdal.

Gjennom dei siste 20 åra ser ein korleis einskildpersonar og miljø har vokse fram gjennom å få lov til å lære, teste ut og utvikle idear som seinare har skapt grunnlag for ein livsveg. Dette miljøet har både skapt og trekt til seg kompetanse. Det er gjennom kulturhuset vi først og fremst ser samanheng mellom kultur og næringsliv. Å satse på kulturhuset er god næringspolitikk. Viss Ål kulturhus skal fortsette å vere den drivkrafta og det kraftsentrumet, må ein skape rom for at ikkje verken staben, brukarar eller publikum skal stange i taket.

Entusiasmen vi opplever rundt miljøet på kulturhuset er ikkje sjølvsagt, det handler om dei rette personane, ei evne til å flytte grenser for kva som er mogeleg, og å tru på det ein driv med. Dette er skjørt og treng gjødsling. Å avskrive vidareutvikling av kulturhuset før ein har snudd alle steinar er å stille spørsmål ved eit langsiktig arbeid som har vore ei drivkraft over fleire år.

Vi kan ikkje ta denne avgjera no, fordi vi veit ikkje kor stor denne investeringa blir før vi har klargjort kor mykje det er mogeleg å få finansiert gjennom andre kjelder.
Det bør bli eit fleirtal i kommunestyret i dag for å gi oss sjølve og innbyggjarane i Hallingdal denne sjansen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**