Orientering om MVA-saka

I samband med orientering om den såkalla MVA-saka i Bø kommunestyre måndag 25. februar heldt Bergit Myrjord, gruppeleiar i Venstre, dette innlegget:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Takk for notat og orientering frå administrasjonen. Den var ærleg og klar på kva som har skjedd og bakgrunnen for at det skjedde.
Dette er inga god sak for Bø kommune. Det er svært uheldig at det har blitt foreteke slik forskotsfakturering utan heimel i bokføringslova og med så store beløp.
Det har vore mykje oppstuss om denne saka, og ein kan ha behov for å skrelle av dei største overskriftene og kome ned til realitetene:
Dette er ikkje eit forsøk på å lure staten for moms. Det er et nullsumspel.
Momsen me ikkje fekk inn i 2012, kjem i 2013, rett nok med ei anna fordeling på drift og investering.
Det er absolutt ikkje gjort i personleg vinnings hensikt.
Frå feilen blei oppdaga, har administrasjonen praktisert meiroffenlegheit og lagt fram alle dokument, også interne notat.
Feilen er erkjent, retta opp og tatt lærdom av.

Ei slik sak som denne er uheldig for omdømmet til Bø kommune, tappar organisasjonen for krefter, og tek fokus bort frå det som er det vesentlege for Bø kommune i 2013: Full fokus på leiing og økonomi, i tillegg til den gjennomgangen av organisasjonen som vi heldigvis er godt i gang med.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**