Britt Giske Andersen sin appell fra Sukkertoppen i Ålesund:
Når noko vert truga er vi forplikta til å varsle fare!
Vardetenning – er nettopp å varsle om fare og at nokon kan vere ute i ureint ærend.
Det ærendet vi varslar i dag, veit vi kan få store konsekvensar.
Langs heile kysten i dag ser ein varselet.
Framtidas matfat er truga!
Når programkomiteen i Arbeiderpartiet no vil åpne for ei konsekvensutredning av Lofoten, Vesterålen og Senja, konstaterer vi at hensynet til miljø og fiskerinæringa i heile landet fullstendig er satt til side!
Venstre seier JA til miljø og fiskeri og NEI til åpning av Lofoten, Vesterålen og Senja for oljevirksomheit.
Saman med Møre feltet, er desse områda utanfor Nordland blant dei aller viktigaste kyst- og havområder for ei fortsatt bevaring av fiskebestanden..
Vi er satt til å forvalte desse rike gyte og fiskefelta til beste for oss og etterkommarane våre, og det betyr også at vi er plikta til å varsle når vi ser ressursane bli truga.
Dette er midt i sjølve matfatet.Fisk og fiskeri har eksistert i tusener av år og skal eksistere vidare. Olje er samanligna med det, for ferskvare å rekne.
Venstre er ikkje i mot olje.
Når valget står mellom fisk og olje, er svaret klart.
Fisk framfor olje!
Det er dei mest sårbare områda vi slår ring om. Her stend Møre, Lofoten, Vesterålen og Senja i ei særstilling.
Det er vår forpliktelse for framtida, og den skal vi halde!