Venstre vidarefører Austevoll vgs som i dag

I arbeidet med Skulebruksplanen for Hordaland har fleirtalskoalisjonen FrP/H/V konkludert med å vidareføra dagens fagtilbod på Austevoll Videregåande skule.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Mona Haugland Hellesnes

Foto: Mathias Fischer

I arbeidet med Skulebruksplanen for Hordaland har fleirtalskoalisjonen FrP/H/V konkludert med å vidareføra dagens fagtilbod på Austevoll Videregåande skule. Dette vert fremja i møte i Fylkesutvalet torsdag 21.februar.
Dette tyder at skulen held fram med linjer innan Naturbruk-Akvakultur, Elektrofag, Helse og oppvekstfag, Studiespesialiserande, Teknologi og industriell produksjon. I tillegg kjem fagskuletilbodet som er etablert i Austevoll.

FrP/H/V legg vekt på at Austevoll er ein øykommune, og at skulen samla sett må ha eit attraktivt linjetilbod både til gutar og jenter. Ideelt bør færrast mogeleg elevera på VG1 måtta flytta på hybel, og med det tilbodet som no vert vidareført bør dei fleste Austevolls-ungdommane kunna starta si vidaregåande utdanning i heimkommunen.

Kontakt:
Mona Hellesnes
tlf. 41 39 04 61

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**