INNKALLING TIL VENSTRES LANDSMØTE 2013
Møtestart: Fredag 12. april 2013 ca kl 12:00
Møteslutt: Søndag 14. april 2013 ca kl 14:00
Møtestad: Quality Hotel Expo, Fornebu, Bærum
Det vert med dette kalla inn til landsmøte i Venstre. Hovudsaka på landsmøtet vert handsaming av stortingsvalprogram. I tillegg kjem ordinære landsmøtesaker, fastsett av Venstres vedtekter § 9. Nøyaktig program inkludert endeleg tidspunkt for møtestart og -slutt vert sendt ut med sakspapira etter landsstyremøtet i mars.
Sentralstyret og landsstyret har møter torsdag 11. april. Det vil bli kalla inn til desse møta i tråd med vedtektene.
Vi ber om at fylkeslaga sender ei liste over valde delegatar til VHO så raskt som desse er klare, slik at vi kan sende ut påmeldingslenkje og sakspapir direkte til kvar enkelt delegat. Hugs å føre på e-post og telefon til delegatane, og sørg for at denne informasjonen er oppdatert og korrekt. Delegatliste skal sendast til [email protected].
For Landsmøtet 2013 gjeld følgjande fristar:
1. mars: Frist for å sende inn framlegg til landsmøtesaker, inkludert framlegg til vedtektsendringar, og framlegg til endringar til stortingsvalprogrammet
15. mars: Sakspapir vert sendt til delegatane
22. mars: Frist for å sende inn forslag til politiske fråsegner
29. mars: Forslag til politiske fråsegner vert sendt til delegatane
Saker som vert meldt etter desse fristane kan handsamast berre dersom landsmøtet vedtek dette med 2/3 fleirtal.
Vedlagt dette brevet finn de delegatfordelinga til årets landsmøte. Tala er basert på røystetal og medlemstal. Fylkeslaget sin landsstyrerepresentant er inkludert i det totale delegat-talet.
Her er en oversikt over delegatene fra Nordland.