Venstresvar til Miljøverndepartementet: Venstre vil ha oljefritt Skagerrak

Styret i Agder Venstre har sendt denne høyringsfråsegna til Miljøverndepartementet om Forvaltningsplanen for Nordsjøen og Skagerrak:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


14. februar 29013

Fylkesleiar Pål Koren Pedersen

Fylkesleiar Pål Koren Pedersen
Foto: Jan Kløvstad

Til Miljøverndepartementet
Oslo dep

Høyring om Forvaltningsplanen for Nordsjøen og Skagerrak

Styret i Agder Venstre viser til utsendt høyringsutkast for mogleg petroleumsutvinning i Skagerrak, og takkar for at høyringssvar sendt før 15. februar blir med i det vidare arbeidet.

Agder Venstre er uroleg for auka forureiningsfare ved kysten vår. Sørlandskysten er viktig som matfat med mykje grundig arbeid og forsking for å auke bestanden både av hummer og fisk, for reiselivet, for biologisk mangfald og for auka risiko ved fleire kjelder for mogleg forureining.
I fråsegn frå fylkesårsmøtet 2.-3. februar 2013, heiter det:

"Skal vi begrense den globale temperaturøkningen til to grader, er det en forutsetning at utvinning og forbrenning av fossile ressurser flater ut og på sikt synker. En stor del av verdens kjente olje- og gassressurser må bli liggende. De sårbare havområdene i Lofoten, Vesterålen og utenfor Senja må få et varig vern mot oljeutvinning på grunn av de unike fiskeriressursene og umistelige naturverdier. Venstre mener Skagerrak har tilsvarende kvaliteter og vil arbeide for varig vern når forvaltningsplanen for Skagerrak og Nordsjøen legges fram senere i år."

Agder Venstre viser til problema vi hadde langs kysten etter Full City-havariet ved Langesund i 2009, ein situasjon som viste kor såbar kysten her er. Den omfattande oljetransporten langs Sørlandskysten er ein forureiningsfare, og vi ønsker ikkje å ha fleire moglege forureiningskjelder.
Vi viser også til det omfattande faglege arbeidet Havforskingsinstituttet driv i samarbeid med fleire kommunar, den såkalla Tvedestrandsmodellen, for å auke bestanden av både hummer, torsk og andre artar.

Reiselivet og den særs omfattande og rike fritidsbruken av Sørlandskysten er også avhengig av eit reint hav. Venstre var positive til etableringa av Skjærgårdsparken på 1970-talet og støttar også nasjonalpark-arbeidet nå.

Agder Venstre vil ha eit oljefritt Skagerrak, og ber om varig vern av Skagerrak når forvaltningsplanen for Skagerrak og Nordsjøen blir lagt fram seinare i år.

For Agder Venstre

Pål Koren Pedersen
fylkesleiar

Jan Kløvstad
fylkesekretær

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**